Enno fleire hindre for fastlandssamband til øybuarane på Lerøy og Bjelkarøy

Å få på plass dei 83 metrane med bru over Åleknappsundet frå Bjelkarøy til Hjellestad, er ei langt meir omfattande byråkratisk hinderløype enn stortingsrepresentant Helge Andre Njåstad har førespegla øybuane.

Leiar Nils T. Bjørke (tv) i fylkesutvalet for miljø og samferdsel, og fylkesdirektør for samferdsel Håkon Rasmussen, vil prioritera bruk av ferjeavsløysingsmidlar ut frå nye reglar og økonomi.

Bruk av ferjeavsløysingsmidlar vart eitt heitt tema då Utval for miljø og samferdsel i Hordaland fylkeskommune behandla utkastet til Regional transportplan sist veke.

Les: Sundordføraren ser fleire hindre for ferjeavløysing

Eitt av fire samband
Fastlandssamband frå Lerøy og Bjelkarøy til Bergen er eitt av fire ferjesamband i Hordaland som kan vera aktuelle for bruk av ferjeavløysingsmidlar, ifølgje fylkesdirektør Håkon Rasmussen for samferdsle i Hordaland.

Les: Manglar 83 meter bru

Sjekka nye reglar
Masfjorden – Duesund, Huglo – Tysnes og Fjeldbergøy, er dei andre. Sambanda var aktuelle i henhald til dei gamle reglane for ferjeavløysingsmidlar. Dei nye reglane kan ha endra dette. Det første ein må gjera er difor å sjekka med Samferdselsdepartementet korleis endringane slår ut, ifølgje Rasmussen.

– Om reglane slår feil ut, skal det mykje til før departementet vil stempla ein søknad som godkjent, sa fylkesdirektøren.

Les: Stønadskutt trugar fastlandssamband til Lerøy og Bjelkarøy

Må prioritera
Ein lang prosess vantar for dei sambanda som er aktuelle. Først må det gjerast ein kvalitetssikring av planane. I tillegg må bompengesøknaden vera godkjent, før fylkeskommunen kan senda ein søknad om bruk a ferjeavløysingsmidlar, la Rasmussen til.

– Utvalet må prioritera sambanda, ut frå økonomien i dei som er aktuelle. Her er det naudsynt å sjå om nokon samband kjem betre ut enn andre, argumenterte utvalsleiar Nils T. Bjørke.

Sjekk kalkulatoren
Saksordførar Atle Kvåle, som til dagleg er ordførar for Arbeidarpartiet i Fusa, meinte det var på sin plass å hella kaldt vatn i blodet på bruoptimistane kringom i fylket:

– Det er skapt enorme forventingar om at dei fleste fjordane i Hordland i framtida skal kryssast med bruer der det i dag går ferjer. Sjekk at batteriet i kalkulatoren verkar, oppfordra Kvåle før han tok til orde for at Hatvik – Fusa bør inn på lista over samband som kan vera aktuelle for bruk av ferjeavløysingsmidlar.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s