Gjestekommentar: Kvifor så lite tilpassa til lokalmiljøet, ordførar?

Førstegongs godkjenning av ein reguleringsplan er for krevjande til at arbeidet kan verta omfatta av ordninga med sommarfullmakt til ordføraren. Planframlegget for detaljergulering for Knappskog gamle skule bør sendast tilbake til administrasjonen.

Av: Sotralista, Senterpartiet, KrF og Frp i Fjell

– På tide at vi tek omsyn til dei som alt bur her. Johannes Kobbeltvedt (tv) og Kjell Rune Garlid fronta opposisjonen sitt fellesframlegg då forslaget til detaljregulering for Knappskog gamle skule vart behandla i Komite for Plan og utvikling.

Multiconsult har på vegne av Knappskog Panorama utarbeidd framlegg til detaljregulering for Knappskog gamle skule. Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for bygging av 30 bustadeiningar i leilighetsbygg, med parkering og uteareal på den gamle skuletomten. I tillegg vert standarden på vegen Hedlo utbetra med fortau og snuhammar.

Planarbeidet starta i 2013, at det har drege ut i tid, har fleire årsakar. Merknadar frå naboar og andre interessentar går hovudsakleg ut på at bygga, med sine fire og fem etasjar, står fram som ruvande og lite landskapstilpassa framandelement i nabolaget. I arealdelen til kommuneplanen er området sett av til bustad med krav om felles planlegging. Planframlegget samsvarar med arealbruken i overordna plan. Med bakgrunn i merknadane frå Hordaland fylkeskommune og naboar, vert det rådd til at maksimal byggjehøgde for BBB2 vert seinka frå kota 24 til kote 21.

Planen kom til slutthandsaming utan at han tidlegare har vore drøfta i Plankomiteen. Første gongs handsaming vart gjort av ordførar på sommarfullmakt. Arbeidet med godkjenning av ein reguleringsplan er for omfattande og krevjande til at det kan verta omfatta av ordninga med sommarfullmakt til ordføraren.

Det skjedde trass i at det var kome inn omfattande merknadar frå både naboar og frå Hordaland fylkeskommune.

Merknadane er i liten grad tekne omsyn til, noko vi meinar er svært kritikkverdig.

Området rundt det nedlagte skulebygget har vore nytta til parkering for fastbuande og fritidsbustadar på Geitanger. Parkeringssituasjonen for reisande med ferga til Geitanger vert vesentleg forringa som følgje av den planlagte bustadblokka og dei løysingane som er valt. Dette er svært uheldig og uakseptabelt.

Vi viser også til dei omfattande merknadane frå Hordaland fylkeskommune:
– Hordaland fylkeskommune har merknadar til planforslaget som gjeld areal og transport, klima, landskap, arktitektur, estetikk, strandsone, friluftsliv og barn og unge. Vi ber om at desse merknadane vert tekne omsyn til i prosessen vidare.

Vi vil særleg støtta oss til fylkeskommunen sine merknadar om landskap, arkitektur, estetikk, strandsone og borna sine interesser.

– Planområdet sin lokalisering langs fjorden med innsyn frå Sørevågen fører til at ein må ta særleg omsyn til eksponering, volum og terrengtilpassing av tiltaket, skriv fylkeskommunen.

Utsagnet viser tydeleg at den planlagte arealutnyttinga er svært lite ønskjeleg.

Fylkeskommunen kjem og med omfattande kritikk av måten planen ivaretek barn og unge sine interesser:
– Planområdet ligg ikkje i eit område der det er grunn til å leggja uteareal på takterrasse. Vi ber om at mest mogeleg av utearealet vert lagt på bakkeplan, der det er god tilgjenge, og der barn og unge kan møtast for leik og aktivitet.

Igjen ein omfattande kritikk som viser at planløysinga med ei stor og ruvande bustadblokk i strandsona ikkje er ønskjeleg.

Tomta er på heile 9.000 kvadratmeter. Likevel vel ein å leggja leikearealet på ein takterrasse, og det attpå til i eit område som frå naturen si side er veleigna til leikeareal. Sett i lys av tomtestorleiken, finn vi valet av bygningsutforming underleg.

Det må takast større omsyn til naboklagene når det gjeld byggjehøgder. Denne bustadblokka bør ikkje oppførast slik det vert føreslege i framlegget til politisk slutthandsaming. Den store og dominerande bustadkroppen må brytast opp i to eller tre einskilde bygningar og fordelast på den tilgjengelege tomta på ein betre måte. Planen bør sendast tilbake med klare føringar om at denne forma for bustadbokk ikkje er ønskjeleg i dette området.

Vi hadde gjerne sett at den tidlegare skuletomten vart utnytta på ein måte som er meir i samsvar med lokal byggeskikk.

Dette var opposisjonen sitt fellesforslag til vedtak, og som vart nedstemt i KPU:
Vi oppfordrar om at det vert vurdert ei anna form for utbygging i området, med splitting av blokka i mindre einingar. Punkthus vil vera betre tilpassa lokal byggeskikk i området.

I nytt planframlegg skal det innarbeidast minst ti oppmerka parkeringsplassar som kan leigast av bustadeigarar og hytteeigarar på Geitanger til erstatning for dei som går tapt som følgje av planen.

Vi ber om å verta haldne oppdaterte på framdrifta på endra plan.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s