CCB-sjefen: -Store skilnadar i utrekninga av eigedomsskatten

Fordi kommunane praktiserer regelverket ulikt, betalar Coast Center Base AS tre gongar så mykje i eigedomsskatt i Alstadhaug som i Fjell. Rammevilkåra må verta like over heile landet, oppfordrar administrerande direktør Kurt Rune Andreassen.

Eigedomsskatten vert utrekna uavhengig av storleik, marknadsverdi og inntening på offshorebasane, har administrerande direktør Kurt Rune Anderassen i Coast Center Base AS erfart. I heimkommunen Fjell betalar dei to millionar kroner mindre i eigedomsskatt enn i Alstadhaug.

Gjennom involvering i drifta av ei rekkje offshorebasar langs Norskekysten har administrerande direktør Kurt Rune Andreassen i Coast Center Base AS på Ågotnes erfart at eigedomsskatten slår forskjellig ut frå kommune til kommune.

Kommunane avgjer
Eigedomsskatt er einaste skatten det er opp til kommunane sjølv å avgjera. Kommunane vedtek sjølv ikkje berre om dei vil innføra eigedomsskatt, men også kva satsar kommunen skal nytta.

No går Andreassen, som også er nyvald nestleiar i styret for NHO Hordaland, stekt ut mot regelverket for utskriving av eigedomsskatt.

Hordalandsbenken
– For å skapa føreseielege rammevilkår for næringslivet, bør det innførast like reglar for utskrivinga av eigedomsskatten over heile landet, oppfordrar Andreassen.

Like før helga kom han med same oppfordringa til dei 16 folkevalde på Hordalandsbenken i Stortinget.

Lågt skattegrunnlag
CCB AS har Fjell som heimkommune. Kommunen innførte, etter fleire års debatt, eigedomsskatt på verk og bruk frå årsskiftet 2015/2016. Som utgangspunkt har kommunen valt ein likningstakst som utgjer 65 prosent av marknadstakst. Sjølve skattegrunnlaget har kommunen sett til to promille av likningstakten.

– Eigedomsskatten vart innført på eit verst tenkjeleg tidspunkt for oss, sett i lys av offshorekrisa, hevdar Andreassen.

Når så galt skjedde, har Fjell likevel vedteke å halda skatten på eit minimum, samanlikna med kva dei kunne ha gjort, og kva Andreassen opplever i eindel andre kommunar.

90 prosent av marknadsverdi
Motsette ytterpunktet er Alstadhaug, der dotterselskapet Helgelandsbase er lokalisert. Helgelandskommunen har valt å setja eigedomsskatten så høgt som lovverket tillet. Det vil seia at likningstaksten er sett til heile 90 prosent av den antekne marknadsverdien. Skattegrunnlaget utgjer sju promille av likningstaksten.

Tre gongar så mykje
– Forskjellen i utrekninga medfører at vi betalar tre gongar så mykje i eigedomsskatt i Alstadhaug som i Fjell, konstaterer Andreassen.

– Det gjer vi trass i at arealet på basen i Alstadhaug berre utgjer tredelen av arealet i Fjell, og at inntektene på Helgelandsbase berre er halvparten så store, utdjupar han.

To millionar i forskjell
Forskjellen i måten eigedomsskatten vert utrekna utgjer kring to millionar kroner årleg – i heimkommunen sin favør. Medan eigedomsskatten i Fjell utgjer knappe ein million kroner årleg, fekk dei ein rekning på nærare tre millionar kroner frå Helgelandskommunen.

Det høyrer med til historia at eigarane av Helgelandsbase har klaga på utskrivinga av skatten i Alstadhaug, og fått delvis medhald. Eit vedtak som berre endrar på beløpet, ikkje på utrekningsgrunnlaget.

Får rekninga att på NAV
Offshorekrisa dei siste åra har ramma baseverksemda hardt. I Fjell har CCB AS måtta seia opp over 100 tilsette. I Alstadhaug har talet på fast tilsette blitt redusert frå 45 til fire.

– Det er greit å betala skatt når du tenar godt, men eigedomsskatten må betalast, uansett betalingsevne. Regelverket burde i staden opna for å ta omsyn til verksemdene sin økonomiske situasjon, seier Andreassen.

– Det hjelper ikkje at kommunen skrur opp eigedomsskatten når dei mister arbeidsplassar. Alt heng saman med alt, så kommunane får rekninga att på NAV, hevdar Andreassen.

Taktisk plassering
CCB-sjefen ser ikkje vekk frå at heimkommunen, sidan dei først har opna for eigedomsskatt, kan koma til å skru opp skattegrunnlaget og skattesatsen på eit seinare tidspunkt.

– Så lenge det er opp til kommunane å avgjera skattegrunnlaget, opnar det for taktisk plassering av nye, store infrastrukturinvesteringar som kaiar, ut frå reine skattemessige vurderingar, åtvarar Andreassen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s