200.000 liter i timen

Blomvåg vassverk er eitt av dei mest moderne og høgast automatiserte i landet.

Mykje rør. 25 pumper og 17 kilometer med elektrisk ledning er nødvendig for eit vassverk som skal kunna levera inntil 200.000 liter reint drikkevatn i timen, fortel prosjektleiar for utvikling Jon Ivar Friborg.

Med opninga av Blomvåg vassverk tek vassforsyninga i Øygarden steget opp på nivå med det beste i landet og det dei har i Fjell og Sund, sa ordførar Børge Haugetun då han i dag markerte opninga av det nye anlegget.

Reinseanlegget skal sikra at Øygardsstrilane til eikvar tid får reint vatn i springen. Vatnet, som vert henta frå Steinsvatnet, er i utgangspunktet så reint at det knapt er behov for reinsing, ifølgje prosjektleiar for utbygging Jon Ivar Friborg.

200.000 liter
Vassverket har ein totalt kapasitet på 200.000 liter i timen, og skal forsyna to tredelar av innbyggjarane i Øygarden med reint drikkevatn. Alle som bur sør for Tjeldstø skal i teorien kunna nyta godt av den kommunale investeringa på nærmare 60 millionar kroner. Anlegget er bygd med tanke på at Naturgassparken vil verta ein av dei store kundane.

Kolfilter
Kolfilteret som skal absorbera algegift i tilfelle oppblomstring av blågrøne algar, er det prosjektleiaren aller helst vil visa fram når han får besøk av Bjarne Ulvestad (FjellVar) og Mikal Forland (Sund VA).

Ingen av nabokommunane har noko tilsvarande. Øygarden har valt å ta ekstrakostnaden no, på grunn av tidlegare erfaring med algeoppblomstring, seier Friborg til nettavisa Tunnelsyn.

Feira investeringar for 250 millionar kroner med reint vatn. 14. juni 2017 vil gå inn i historien som ein viktig dag for TVØ sin politikk og ordførar Børge Haugetun, Ottar Vik og Silvia Haugetun (tv). Først la dei ned grunnsteinen til Hjeltefjorden Arena, deretter markerte dei opninga av Blomvåg vassverk.

Les: Øygarden si nye storstove

Reserve
Skulle det skje, at vasstilførselen vert for liten, tilseier reguleringsplanen at ein også kan henta vatn frå Åmundsvatnet. Røra er lagt fram, men førebels tilseier ikkje behovet at det er grunnlag for å kopla dei til.

Trygga vassforsyninga
Det høgt automatiserte reinseanlegget er mellom anna utstyrt med UV-filter mot bakteriar, fire reinsetankar og to fem meter høge reintvassbasseng. Bassenga har kapasitet til å forsyna heile Øygarden i to døgn, i tilfelle sjølve reinseanlegget av ein eller annan grunn skulle stoppa opp. Om alle kranar står opne, vil det ta 7,5 timar å tømma bassenget, ifølgje Friborg.

I tilfelle straumbrot har dei installert UPS-aggregat som skal sørgja for at produksjonen skjer mest mogeleg utan avbrot.

Ein halv milliard
Saman med Hjeltefjorden Arena, er dette dei to største av totalt 35 større investeringsprosjekt i Øygarden frå 2016 og fram til og med 2020. Samla verdi utgjer meir enn 500.000 millionar kroner.

Heile åtte av prosjekta har ei kostnadsramme over 20 millionar kroner, ifølgje Råmund Skjold, kommunaldirektør for tekniske tenester.

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s