Øygarden si nye storstova

Kommunestyret i Øygarden starta dagen med ei høgtideleg nedlegging av grunnsteinen til Hjeltefjorden Arena.

Ordførar Børge Haugetun stod for nedlegginga av grunnsteinen. I boksen ligg dokumentasjon på Øygarden kommune, saman med Steinboka til Egil Sæle.

Det har teke tid, fleire kommunestyreperiodar, men no er fasaden til første byggjetrinnet er komen så langt at det er råd å ana dimensjonane til den 2.850 kvadratmeter store hallen som skal verta Øygarden sin storstove dei neste 50 åra.

Første byggjesteget vil omfatta ein idrettshall med med ein buldrevegg. Saman med garderobar og tribune for 170 personar vil dette verta ein stad der alle som driv idrett og musikk i nordre delen av nye Øygarden kommune skal kunna møtast og visa seg fram.

Hallen vil verta idrettsanlegg for elevane på ungdomsskulen, som ligg eit passande steinkast unna.

Første byggjesteget er budsjettert til 85 millionar kroner, ifølgje leiar Ottar Vik for utval for drift og samfunnsutvikling.

– Eg selde meg inn som politikar på dette prosjektet, helsa ordførar Børge Haugetun dei 200 ungdomdsskuleelevane, kommunestyret og tilsette i Øygarden kommune under grunnsteinnedlegginga.

Lang ferd mot realisering. Ordførarane Børge Haugetun og Ottar Vik har halde stø kurs gjennom fleire kommunestyreperiodar for å få Hjeltefjorden Arena, budsjettert til 170 millionar kroner, frå visjon til bygg.

 

Saman med tidlegare ordførar Ottar Vik reknar Haugetun seg mellom arkitektane til det som skal verta  ein plass der alle som driv med idrett og kultur i nordre delen av nye Øygarden kommune.

Atle Ulveseth i Brødrene Ulveseth AS har totalentreprisen på Hjeltefjorden Arena.

Andre byggjesteget skal omfatta ein symjehall med nasjonale mål. Det er kalkulert til like mykje som første byggjesteget, og skal opp for kommunestyret til godkjenning til hausten, ifølgje Vik.

Les: Hjeltefjorden Arena

Les: Investerer 100.000 per hovud

Les: Prestisjeprosjekt i kø for Atle Ulveseth

 

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s