Detaljreguleringplanen for Knappskog gamle skule vart vedteken med 18 mot 17 røyster. Opposisjonen vurderer lovlegheitskontroll av prosessen.

Debatten i Fjell kommunestyre i dag dreide seg om to tilhøve; sjølve innhaldet i planen, og det faktum at forslaget til plan ikkje har følgt den vanlege saksgangen, men at tidlegare ordførar Eli Berland la han ut til første gangs høyring på sommarfullmakt i 2015.
Les: Kvifor så lite tilpassa lokalmiljøet, ordførar?
Veldig spesielt
– Det er veldig spesielt at ordføraren legg ein reguleringsplan ut på høyring på sommarfullmakt. Ordlyden i fullmakta seier klårt at det berre er hastevedtak ordføraren har anledning til å gjera medan politikarane er på ferie. Ein reguleringsplan er ikkje noko hastesak, seier Daniel Victor Sandvik (FrP).
Lovleigheitskontroll
Sandvik, saman med opposisjonen sine øvrige representanter i Komite for Plan og utvikling, vil no vurdera å krevja lovlegheitskontroll av prosessen.
-Planen lir under måten måten prosessen rundt planen har vore gjennomført, hevdar Sandvik.
Samla opposisjon
Motstanden mot ulike delar av planen var sterk. Under avstemminga var samtlege av FrP, Sotralista, KrF, Venstre, Senterpartiet og Miljøpartiet mot at kommunstyret skulle godkjenna framlegget til plan.
Utforminga av bygningskroppen, høgda og manglande avsetning av parkeringsplassar for øybuar og hytteigarar på Geitanger, stod sentralt i kritikken frå Sotralista, KrF og Frp i kommunestyresalen.
Heftelse
Høgre, ved varaordførar Tom Georg Indrevik, såg at planen kanhende ikkje var heilt optimal. Han meiner likevel det er vel seint å koma med kritikken no.
– Det er Fjell kommune som har seld denne tomten til utbyggjar. Skal det avsetjast parkeringsplassar for innbyggjarane på Geitanger på tomten, måtte vi ha sagt frå då, slik at kravet kunne følgt tomten som ein heftelse, hevda Indrevik.