Alf (89) drog halve jorda rundt for å få med seg skuletreff på Brattholmen

Då dei tidlegare elevane ved gamleskulen i Brattholmen hadde skuletreff, kom Alf Straume (89) heilt frå Seattle for å møta gamle kjende.

Gamleskulen på Brattholmen var i bruk frå 1876 til midt på 1950-talet. Alf Straume snakkar gjerne om skuletida.

Gamleskulen på Brattholmen vart bygd i 1876 og var i drift heilt til midten på 1950-talet, då det noverande skulebygget vart teke i bruk. Eit hundretals av dei tidlegare elevane, alle fødd før 1948, lever framleis. Av dei møtte 65 til skuletreff på Røde Korshuset 8. juni.

Tidlegare elevar frå heile Norge nytta høvet til å treffa gamle kjende og dela historier frå barneåra, fortel Marit Schmidt Lie. Saman med Normann Lillebø, Jan Bjorøy og Ole Straume utgjorde ho festkomiteen som bidrog til ein minnerik kveld.

Kari Nordland fødd i 1918, var eldste deltakaren. Ho kom frå Mysen.

Langvegsfarande
Den mest langvegsfarande var Alf Straume, født på Tåna på Søre Straume i 1928. Den tidlegare tømmerhoggaren, gullgravaren og industrimekanikaren som utvandra i 1951, kom eins ærend frå Seattle for å vera med på festen. Med som følgje har han nest yngste sonen Rune.

Tånarane stilte mannsterke. Då Alf vaks opp, var det berre 13 hus på Straume. To av dei stod på Tåna. Heime var dei åtte ungar. Hos onkel Alfred i nabohuset var dei seks ungar i om lag same alderen.

– Det var fantastisk. Eg traff søskenbarn eg ikkje har sett på fleire tiår, smiler Alf i godstolen heime hos familien.

Alf har mange historier å fortelja. I samtalen med den vitale og reflekterte karen er det lett å gløyma alderen.

Skulen – eit trygt sentrum
Alf fortel frå ein oppvekst som er vanskeleg å fatta for oss i dag. Med første skuledagen i 1935, og med ungdomsåra under krigen, kom gamleskulen på Brattholmen til å verta eit trygt haldepunkt i livet til den eventyrlystne ungguten.

Dei var berre tre ungar som starta på skulen i 1935. I starten møtte dei annankvar dag i kjellaren heime hos lærar Rønnestrand på Brattholmen.

– Jenta framfor meg, Else Langøy, hadde slikt langt, fint raudt hår, mimrar Alf.

Etterkvart som ungane vaks i alder og visdom, og kunnskapane i lesing, skriving, rekning, bibelhistorie og historie auka, vart dei flytta opp i gamleskulen. No var dei heile 21 elevar i klasserommet, fordelt på fleire årstrinn. Etterkvart måtte dei også gå på skulen kvar dag.

Til skulen i tresko
Skulevegen frå Tåna til Brattholmen var lang, og dei måtte gå. Nokon skulebuss hadde ingen tenkt på, sjølv om vegen frå Brattholmen til Møvik vart ferdig på slutten av 1920-talet.

Frå Tåna til gamlevegen på Straume (Bildøyvegen) var det nærare ein kilometer å gå gjennom utmarka. Deretter var det strake grusvegen tre og ein halv kilometer til Brattholmen.

Dette var før gummistøvlane si tid, så fottøyet var tresko.

– Vi ungane sprang like godt i tresko som utan, minnast Alf.

Når det var skikkeleg holkeføre, hende det at ungane hang bakpå bussen. Treskoa gav god glid, sjølv om dei vart raskt nedslitne. Å henga bak på bussen vart sett på som ein relativ uskuldig guttestrek i den tida.

– Far var slekt med sjåføren, så det gjekk greit, seier Alf.

– Det er ikkje alt vi ungdomane fann på den gongen som hadde vore lov i dag. Noko av det hadde truleg vi blitt bura inne for, seier han i etterpåklokskapens lys.

Fraus så dei skalv
Ein vinter var det ein forferdeleg snøstorm. På Tåna blas snøen vekk, så Alf og veslebroren Bernt vart sendt på skulen som vanleg. Andre stadar låg snøen i store fonner. I Storskaret måtte gutungane klatra over ei meir enn mannshøg snøfonn. Vel framme på skulen, var dei einaste elevane. Elevar frå Snekkevik som budde berre fem minutt unna, vart haldne heime på grunn av uveret. Lærar Rønnestrand vart så imponert over innsatsen at han gav dei pengar til brus, og sende dei heimatt.

– Verken læraren eller vi tenkte over at brusen var kald, og at vi var våte. Vi fraus så vi skalv på heimturen. Ei stund sat vi under ein hellar og skalv, minnes Alf.

Englevakt
Alf fortel frå ein barndom lenge før dei organiserte fritidsaktivitetane sin gullalder.

– Vi hadde verken radio eller fjernsyn, så vi måtte jo finna på ting, smiler han.

Myke av det dei fann på, hadde tilknyting til sjøen som omgjev Tåna på sør og vestsida. Færingen var eit sjølvsagt framkomstmiddel, og mykje nytta i mange samanhangar.

Men sjøen kunne også vera farleg. Med fjøresteinane som leikeplass og eit bratt stup frå heimehuset og ned i Straumsundet, var det ikkje til å unngå at einskilde av ungane frå tid til annan datt uti.

– Det var alltid nokon som kunne fanga oss opp. Bror min, Hans, berga ein gong livet mitt. Han berga søster Bergit og fleire andre også. Han skulle hatt Kongens fortenestemedalje, utbryt Alf.

– Mor må ha vore vettskremt. Eg veit ho låg på kne og bad for oss. Vi hadde englevakt, konstaterer han eit heilt liv seinare.

Ungar i krig
Krigen vart bakteppe for ungdomsåra til Alf og søskena. Mange av forteljingane hans handlar om krigsåra. Sjølv utan direkte krigshandlingar på Straume, vart krigen ei skremmande oppleving, på mange måtar.

Les: Televågtragedien sett med barneauge

8. April 1940 vakna dei av kanontorden. Engelske fly som seinare som kom innover for å bomba ubåtbunkeren på Laksevåg og andre mål i Bergensområdet, vart beskotne av luftvernraketter. Under slike angrep hagla det gjerne med metallsplintar. På skulevegen hende det ein gong at han, broren Bernt og kusinene Agnes og Betsy måtte søkja ly for splintane ved sida av ein stor stein om lag der Sartor senter er i dag.

Ein dag vert dei vitne til ein luftkamp mellom eit britisk fly og to tyske. Det britiske flyet vart skote ned over Vatlestraumen, eit stykke sør for Brattholmen.

– Bestefar tok meg med i båten og rodde det han makta rundt Gavlen, men vi såg ingenting, seier Alf.

Såg henrettinga
Tyskarane var over alt. Å sjå okkupasjonsmakta sine soldatar marsjera taktfast langsmed vegen og høyra dei syngja Deutschland, Deutschland Uber Alles, var ei relativt vanleg oppleving.

Det vekte frykt når tyskarane trengde seg inn i husa utan å ha banke på, og ransaka skuffer og skap på leit etter radioar og andre ulovlege gjenstandar.

Russerfangane budde i brakkar på Brattholmen og vart dagleg førte til Fjell Festning på tvangsarbeid.

Nokon hendingar var langt meir skremmande enn andre. Tyskarane kunne vera svært så brutale. Hjørdis, ei av jentene på skulen, kom til sjå henrettinga av russarfangane på Maimyra, fortel Alf.

– Ein av fangane var visst ikkje død etter skytinga, så eine soldaten slo han i hovudet med ein stein. Eg opplevde det ikkje sjølv, så eg kan ikkje seia at det er sant, men vi ungane snakka om det, minnest Alf.

Då Alf og klassekameratane skulle konfirmerast, var presten nett teken til fange og sendt til konsentrasjonsleir i Tyskland. Tyskarane sette inn ein tyskvenleg prest, så konfirmasjon vart det.

No var alt mogeleg

Då han gjekk ut døra på gamleskulen på Brattholmen for siste gong, byrja eit eventyrleg liv for Alf Straume. Alt var mogeleg.

Om det vart mange leie opplevingar i dei fem krigsåra, vart lettelsen desto sterkare vart då freden kom.

– Frigjeringa vekte ei enorm fridomskjensle. No var alt mogeleg.

Etter konfirmasjonen jobba Alf først nokre år som altmogelegmann på talkumfabrikken i Knarrevik. Deretter var han ein tur til sjøs.

Innimellom rakk han å vera med på den siste kvalfangsten i Straumsundet, i 1948.

– Den snakkar eg helst ikkje om, svarar han kontant når eg freistar dreia samtalen inn på hendinga.

– Vi skulle ha nøgd oss med å sjå på dei vakre dyra og teke bilete av dei, seier han etter ei stund.

Unge Alf var eventyrlysten, Etter å ha prøvd seg som sjømann, ville han prøva lukka i Amerika. Han starta som tømmerhoggar i Labrador. Seinare vart han gullgravar i Yukon.

Så henta broren Nils han til Seattle, og ein jobb som industrimekanikar. Først hos seismikkgiganten Western Geco. Då dei avvikla, fekk han som 59-åring ny jobb på testlaboratoriet til flyfabrikanten Boing.

Les ein annan barndomshistorie frå Brattholmen, frå omlag same tida: Då Martha møtte kronprins Olav

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s