Hentar prosjektleiar frå Os

Tung erfaring frå leiarstillingar innan kommunal og fylkeskommunal verksemd er utslagsgjevande for valet av Paul J. Manger som prosjektleiaren som skal losa samanslåinga av Fjell, Sund og Øygarden i havn.

(Saka er oppdatert)

Ein kar vi vil få sjå mykje til. Paul J. Manger er innstilt til stillinga som prosjektleiar for kommunesamanslåinga av Fjell, Sund og Øygarden. Foto: Andris Hamre/ Midtsiden.no.

Tilsetjingsutvalet var samrøystes, og den førebuande fellesnemnda støtta innstillinga med akklamasjon.

Assisterande rådmann i Os siste fire åra, Paul J. Manger (58), er føretrekt som prosjektleiar med ansvar for å losa samanslåinga av Fjell, Sund og Øygarden i havn.

Berre ros
-Han er trygg på seg sjølv, og tør å la andre sleppa til, sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell.

Manger har vist evne til å skapa tillit, og til gjennomføring, gjennom eit langt yrkesliv. Når det trengst har han også vist evne til å skjæra gjennom, supplerte ordførar Børge Haugetun i Øygarden.

– Har han jobba for Søviknesen så lenge, må dette vera eit bra val, smilte Daniel Victor Sandvik (FrP) i Fjell.

Spanande og krevjande
Manger, som kjem frå Radøy, takkar for tillitten.

-Vi har ei spennande og krevjande tid framfor oss. God motivasjon og sterk lagånd er viktig for å nå dei måla som er sette for den nye kommunen, seier den Paul J. Manger til dei tre kommunane si felles heimeside.

-Mistar ein god mann
Rådmann Christian F. Fotland i Os seier til nettavisa Midtsiden.no at kommunen no mister ein god mann.

– Paul har gjort ein viktig jobb for oss og leia oss gjennom gode prosessar i arbeidet med å slå oss saman med Fusa, kor han har vore koordinator og prosjektleiar så langt.

– Så er det jo slik at flinke folk er attraktive. Han har fått ein utruleg spennande jobb. Eg må berre få lov å gratulere både han og dei tre kommunane der ute, seier Fotland.

28 søkjarar
Heile 28 søkjarar melde si interesse då stillinga som prosjektleiar vart lyst ut i mai.

Seks av dei kom til førstegongs intervju. Tre vart innkalla til andregongs intervju. Til sist stod valet mellom to kandidatar som begge kunne ha fyllt stillinga på ein god måte. Erfaringa frå kommunal verksemd, og det at han har følgt forhandlingane om kommunesamanslåinga mellom Os og Fusa vart til sist avgjerande, ifølgje Haugetun.

Solid bakgrunn
Den nye prosjektleiaren har hovudfag i administrasjon og organisasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen. På CV-en kan han også visa til periodar som konstituert rådmann i Os, og frå leiarstillingar i Hordaland fylkeskommune.

Manger har også erfaring frå Senter for Internasjonalisering.

Les: Fleirtal for samanslåing i alle tre kommunane

Les: Innbyggjarundersøkinga: Ofrar lokaldemokratiet for næringsutvikling

Les: Samde om kommunesamanslåing

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s