Ta sommarbåten til Fedje

Nærkontakt med storhavet, og ein gløtt av ein av dei minste kommunane i Norge, ventar dei som tek sommarbåten frå Hellesøy til Fedje.

«Landsbyen» på Fedje har mogelegheit for overnatting til dei som ønskjer å drøya heimturen. Foto: Fedje kommune.

Onsdag 21. juni har hurtigbåten sin første tur.

Båtruta vil gå kvar onsdag og laurdag fram til 19. august, ifølgje ei pressemelding frå Fedje kommune.

Berre med båt
Til Fedje kan du berre koma med båt. Kommunen med eit 100-tals øyar og knappe 600 innbyggjarar ligg ein halvtimes ferjetur vest i havet.

Tilbodet er lagt opp som ei rundreise. Båtruta korresponderer både med buss frå Bergen til Hellesøy, og med ferja frå Fedje til Sævrås i Austrheim.

Dagstur
Slik vert det mogeleg å ta ein dagstur frå Bergen, via Øygarden og Hellesøy, og tilbake over Austrheim.

Dei som ønskjer å ta båten tilbake til Hellesøy, kan sjølvsagt også gjera det.

Uansett vert det lagt opp til 2 – 3 timars opphald på Fedje.

Prøva fiskelukka?
Tilbod om overnatting tilseier at dei som søkjer fred og ro og kanhende vil prøva fiskelukka, kan drøya heimturen nokre dagar.

Prøveprosjekt
Tilbodet er eit prøveprosjekt i regi av Øygarden kommune, Fedje kommune, Austrheim kommune og Hordaland fylkeskommune.

Les: Øygarden satsar på Tour de Kyst

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s