Vindronninga av Alsace

Domaine Weinbach veit å utnytta dei store forskjellane i jordsmonn til å produsera elegante og kraftfulle vinar som framhevar det beste i riesling og gewurstraminer.

Catherine Faller byr på elegante og kraftfulle kvitvinar med tydeleg preg av terroir og god balanse mellom friskhet og sødme.

Kvitvinsproduksjon er ein viktig del av det lokale næringsgrunnlaget i Alsace. Vinmarkane dekkar meir enn 1500 mål, eller ti prosent av arealet. Aukande fokus på kvalitet har resultert i heile tre regionale appellasjonar (AOC), som regulerer kva sortar som kan plantast og kor høg avkastninga per mål kan vera.

Lange tradisjonar
Historiske tradisjonar heilt tilbake til romartida til trass, mange nordmenn vil meina at Alsace ufortent har kome i skuggen av meir kjende vindistrikt. At riesling, som her heime vert oppfatta som ei typisk tysk drue, står for størsteparten av produksjonen, gjer det ikkje einklare for produsentar som ønskjer å markera seg utanfor heimlandet.

Tunnelsyn-redaktøren har kjørt ei kort strekkje av den lokale vinruta, frå Bergheim til Kayzersberg, med avstikkarar til mat- og vinhovudstaden Colmar. Catherine Faller, overhovud for Domanine Weinbach, var den første av dei tre lokale produsentane eg var så heldig å få møta undervegs.

Les: Kjøpesenterfri sone

Kvinnedominans
Domaine Weinbach er eigd av familien Faller gjennom meir enn eit århundre. Dette er ein av få vinprodusentane i Alsace drivne av kvinner. I meir enn 30 år dreiv Catherine Faller familieverksemda saman med mora Colette og systera Laurence. No er ho aleine att, og førebur sonen Theo på å ta over.

Domaine Weinbach omfattar delar av fire Grand Cru-markar i nærleiken av Kayzersberg.

Den fem mål store inngjerde vinmarka Clos des Capucins omgjev heimen og produksjonslokala til Domaine Weinbach. Cuvee-vinane som er nokre av deira mest anerkjende kvalitetsvinar, verta laga av tidleg modna druer herifrå.

Nokre av dei mest anerkjente vinane produserer familien likevel frå den fem mål store inngjerda vinmarka Clos des Capucins som omgjev familien sin heim og produksjonslokale. Grand Cru d’Alsace tillet ikkje vinar frå einskildmarkar. Catherine framhevar likevel cuvee-vinane frå Clos des Capucins, som er oppkalla etter familien sine avdøde medlemmar, med tydeleg stolthet.

Terroir
Ein vin frå Alsace skal smaka berre av druesorten og av jordsmonnet der druene er dyrka. Terroir er eit sentralt omgrep i produksjonen. Dei totalt 30 måla som utgjer familien si vinmark vekslar mellom granitt, leire og sandstein, og strekkjer seg frå 180 til 400 meters høgde.

– Vi utnyttar dei store geologiske variasjonane til å få fram det beste i dei ulike druetypane, seier Catherine Faller.

Intense og konsentrerte
Domaine Weinbach produserer vin berre frå eigne druer. For å få fram intense og konsentrerte vinar har dei valt å halda utbytet langt lågare enn det som dei lokale vinlovane tillet. Noko som inneber at den årlege produksjonen vert begrensa til 100.000 – 140.000 flasker, fortel Catherine.

Frukt og friskhet
Heile produksjonen skjer biodynamisk. Innhaustinga skjer seint, når druene er fullmodne, og varer gjerne til ut i slutten av november. Druene vert pressa med stilk og steinar, og vinen får lov å spontangjæra på store gamle fat eller ståltankar i inntil åtte månadar. For å få ein fruktig og frisk vin unngår dei heilt bruk av nye eikefat.

Riesling er kongen av Alsace, og den drua som får sitt mest karakteristiske uttrykk i Grand Cru Schlossberg.

Lite regn og innlandsklima med fråver av svalande vindar frå havet gjev kraftfulle vinar med utgangspunkt i Grand Cru-appellasjonen sine fire tillatne druer: Riesling, gewurstraminer, muscat og pinot gris. Riesling er rekna for kongen av Alsace, og opptek storparten av Faller-familien sin del av Grand Cru-marka Schlossberg.

Gewurstraminer
Lite nedbør reduserer fåren for råte i vinmarka. Seint hausta druer med eit innslag av edelråten botrytis står likevel sentralt i Domaine Weinbach sin produksjon av både tørre riesling og meir sødmefylte gewurstraminer.

Gewurstraminer er den andre hovudpersonen i Faller-familien sin produksjon. Avhengig av terroir og tidspunkt for innhausting gjev denne aromatiske og særprega drua opphav til ei rekkje ulike vinar kjenneteikna av godt balansert sødme trass relativt høgt sukkerinnhald.

Sju av Domaine Weinbach sine vinar er å få kjøpt i Norge. Saman gjev dei eit representativt smaksinntrykk både av produsenten sine vinar, men også av vinproduksjonen i Alsace.

Møt to andre vinprodusentar frå Alsace:
Gustave Lorentz – Konkurrerer med dei beste

Trimbach – Norge er eit viktig land i verda

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s