Usamde om framtidsutsiktene

Underskotet i Fjell kommune utgjorde 25 millionar i første tertial. Bundne midlar til nytt lokalmedisinsk senter vert overført til disposjonsfondet. Er det krise, eller bør vi ha is i magen?

Ernst Morten Einarsen, leiar for komite for drift og forvaltning, fekk eit samrøystes kommunestyre med på å be rådmann Steinar Nesse utarbeida ein samla oversikt over pengebruken i Fjell, samanlikna med andre kommunar.

At rådmann Steinar Nesse og leiar for Komite for drift og forvaltning, Ernst Morten Einarsen, er usamde om dei økonomiske framtidsutsiktene for Fjell, vart tydeleg då kommunestyret sist veke drøfta økonomirapporten for dei første fire månadane i år.

Verre enn i fjor
Driftsunderskotet så langt utgjer 25 millionar kroner. Det er ti millionar svakare enn til same tid i fjor. Både dei frie inntektene og skatteinntektene har svikta. Inntektssvikten har kome parallelt med at utgiftene til barnevern og til livsopphald og bustad i regi av NAV har auka, framkjem det av saka som politikarane fekk presentert frå rådmannen.

Nesse karakteriserer den økonomiske situasjonen som meir krevjande enn til same tid i fjor. Som botemiddel foreslår han mellom anna at lønsoppgjeret som vert venta å utgjera 12 – 14 millionar kroner, – i år som i fjor – skal dekkast inn av eit redusert tenestetilbod.

Reduserer LMS-fondet
Oppbygginga av fond til drifta av det nye lokalmedisinske senteret vert reversert, tilrår han. I staden for å setja av ytterlegare 10 millionar kroner dette året, skal 20 millionar av dei oppsparte midlane overførast frå det bundne fondet og til kommunen sitt disposisjonsfond.

Skyve kostnadane framfor oss
– Fjell har skyve kostnadane framfor oss i fleire år. Vi har kome til eit punkt der det ikkje lenger er forsvarleg å skyva framfor oss dei vanskelege avgjerdene, hevda Einarsen.

– Økomirapporten viser at den positive utviklinga dei siste åra er i ferd med å snu. Oljebransjen er optimistisk, men varslar om tøffare rammebetingelsar. Vi kjem aldri tilbake der vi har vore. At arbeidsløysa er på veg ned, og ein vekst i folketalet på 105 personar i første kvartal er likevel viktige signal, la komiteleiaren til.

Is i magen
– Vi må ha is i magen, svara Nesse.

Fjell kommune forvaltar eit budsjett på 1,7 milliardar. Her er det snakk om eit underskot på under to prosent. Det får konsekvensar, men ikkje så veldig store, meinte rådmannen.

Nesse ønska å sjå på lyspunkta framover: Arbeidsløysa går ned, noko som vil føra til auka skatteinntekter. Stortinget sitt reviderte budsjett varslar positive endringar. Kommunen får inntekter frå fiskeoppdrett. Kommunesamanslåinga inneber eit ekstra statstilskot på 35 millionar som Fellesnemnda skal disponera.

-Vi veit meir om dette over ferien, freista Nesse å roa dei folkevalde.

Stor usikkerhet og utdaterte planar
Usikkerheten er framover er stor, både på kort og lang sikt. Rådmannen alltid vore tidleg ute med forslag til dempande tiltak. Spørsmålet er om vi klarar så veldig mykje meir utan at det går ut over nivået på tenestene, argumenterte Einarsen.

Kommunen sine styringsdokument for næringsutvikling, ungdomssatsing og psykiatri er ikkje lenger i samsvar med utviklinga i samfunnet. Vi har lenge visst om eldrebøglja og at presset på demensomsorga vil auka.

Framtida avheng av LMS
– Vi er ikkje klar til å ta i mot alle dei som har behov for å vera sjef i eige liv. Vi klarar ikkje å møta krava til etablering av lokalmedisinsk senter. Vi kjem no i ein situasjon der vi ikkje klarar å setja av midlar til det prestisjeprosjektet som framtida vår avheng av, åtvara Einarsen.

Fjell brukar mykje mindre pengar per brukar innan helse, sosial og omsorg enn mange andre kommunar. Samstundes medfører ein uhensiktsmessig bygningsmasse at vi brukar 40 – 60 millionar på skule som burde har vore nytta på andre område, hevda komiteleiaren.

Samanlikna kostnadane
Eit samrøystes kommunestyre støtta komiteleiaren si oppfordring om å be rådmannen utarbeida ein samanlikning av Fjell sine kostnadar til ulike tenester, samanlikna med kva andre kommunar betalar.

Ovanfor nettavisa Tunnelsyn ønska rådmann Steinar Nesse ikkje å kommentera Einarsen sitt framlegg, utover det han sa på talarstolen i kommunestyret.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s