Får ikkje konsekvensar

Kommuneadvokat Dag-Heine Bjørndal sitt private engasjement i barnevernssaker vil ikkje føra til at Fjell kommune ser med friske auge på andre kontroversielle saker der Bjørndal har vore involvert.

Det skriv rådmann Steinar Nesse i Fjell i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no.

Anonym blogg
Bergens Tidende omtalar i dag kommuneadvokat Dag-Heine Bjørndal i Fjell sitt private engasjement i barnevernssaker. Mellom anna skal Bjørndal ha oppretta ein anonym blogg der han kritiserte namngitte anti-barnevernsaktivistar.

Varsla om mogeleg korrupsjon
Kommuneadvokat Dag-Heine Bjørndal er ein av dei tilsette i Fjell kommune som Frank Bjelland har varsla om skal vera involvert i mogeleg korrupsjon/kameraderi i samband med fastsetjing av grensene for bustadeigedomen hans.

Les: Vurderer Bjelland-varsel om mogeleg korrupsjon.

Ikkje behandla
Varslingssekretariatet i Fjell er ikkje ferdig med å handsama Bjelland sitt varsel om saka. Rådmann Steinar kan heller ikkje seia noko tidspunkt når det vil føreliggja ein konklusjon, ifølgje eposten.

Avdramatiserer
Rådmannen i Fjell avdramatiserer mediestyret rundt kommuneadvokaten sitt private engasjement i barnevernssaker:

– Kommuneadvokaten har IKKJE ført kommunen bak lyset i barnevernsaker. Han har oppretta ei privat heimeside utan å underretta arbeidsgjevar før det var gått ein stund. Vi ser ikkje på det som noko tillitsbrudd, skriv Nesse i eposten til nettavisa Tunnelsyn.no

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s