No er det endeleg: Navnet vert Øygarden

Breie smil hos tre dei tre ordførarane og hos fylkesmann Lars Sponheim etter dei tre siste og avgjerande kommunestyra. No er alle avgjerder i tilknyting til kommunesamanslåinga formelt vedtekne.

Breie, og letta smil hos Marianne Sandahl Bjorøy, Kari Anne Landro og Børge Haugetun. Fylkesmann Lars Sponheim, ser ut som om han lurer på kva han har stelt i stand.

No er namnestriden omsider endeleg avgjort. Namnet vert Øygarden. Verken Skjergard, som FrP føreslo, eller Sotra-Øygarden, som var SV sitt forslag, fekk gjennomslag i den endelege avstemminga i nokon av dei tre kommunestyra.

Les: Symbolsk markering mot Øygarden

Nokre mindre endringar i Fellesnemnda vert det derimot. Venstre, og Olav Kobbeltvedt, kjem inn som representant på vegne av Venstre, Senterpartiet og Miljøpartiet i Fjell. Ut går Hilde Lohman Sandal frå Arbeiderpartiet.

Les: Venstre inn i Fellesnemnda

Som vara får Kobbeltveit Monika Alvheim (MD), Johannes Kobbeltvedt (Sp) og Brith Ediassen (V).

SV fekk ikkje gjennomslag for å utvida talet på representantar i Fellesnemnda frå 17 til 19. Dei fekk likevel erfara at det nyttar å kjempa til siste slutt:

Det nyttar å kjempa. Aud Karin Oen, Symphonien Phombe og Andreas Sjalg Unneland.

Aud Karin Oen, den innbitte motstandaren mot kommunesamanslåinga, kjem inn som vara i Øygarden. Dermed meinar kommunestyret i Øygarden at intensjonen om at alle dei politiske partia skal vera representert i Fellesnemnda, er oppfyllt.

Les: Aud Karin Oen med innbyggjarinitiativ for folkerøysting

Dei tre kommunestyra som deltok på det siste, historiske drøftingsmøtet, saman med fylkesmann Lars Sponheim.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s