Ønska Manger velkomen

– Det vert spandande og det vert krevjande, men krevjande må det vera, skal dette verta bra, helsa Paul J. Manger i sitt første møte med kommunepolitikararane i Fjell, Sund og Øygarden.

Erfaring frå internasjonale forhandlingar, mellom anna i Afrika, kombinert med Strilabakgrunnen, gjer at dette må verta bra, helsa prosjektleiar Paul J. Manger dei tre kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden.

Det var ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som under det felles kommunestyremøtet på Panorama i dag kom med ein kort presentasjon og helsa den nye prosjektleiaren velkomen.

Paul J. Manger kjem frå Radøy og er mannan som skal losa dei tre kommunane vest for Bergen saman til det som skal verta nest største kommunen i Hordaland, med 36.000 innbyggjarar.

Les: Henta prosjektleiar frå Os

Skriv under tilsetjingsavtalen. Paul J. Manger er no formelt tilsett som prosjektleiar med ansva for å losa nye Øygarden kommune vel i havn. (fv) Marianne Sandahl Bjorøy, Børge Haugetun, Kari Anne Landro og Lillian Torsvik.

I tillegg til lang erfaring som assisterande rådmann i Os, og frå ulike leiarstillingar i Hordaland fylkeskommune, kan Manger også visa til lang internasjonal erfaring, mellom anna frå forhandlingar i Afrika.

– Ser vi den internasjonale erfaringa mi i samahang med Strila-bakgrunnen, må dette verta bra, helsa Manger som ser fram til to og eit halvt spanande år.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s