Venstre inn i Fellsnemnda

– Venstre, og truleg Olav Kobbeltveit, kjem inn i Fellesnemnda i dei endelege forhandlingane om samanslåinga av Fjell, Sund og Øygarden kommunar. Ein av Arbeidarpartiet sine representantar i Fjell går ut.

Venstre vil gå inn som åttande representant for Fjell i Fellesnemnda når den endelege avtalen om nye Øygarden skal framforhandlast.
(saka vert oppdatert)

Nettavisa Tunnelsyn.no dekkar det historiske, felles kommunestyremøtet for Fjell, Sund og Øygarden kommunar på Panorama hotell i dag.

Dei tre kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden er no samla i salen på Panorama.

Vi er no ein time ut i møtet. Endeleg navneval ser ut til å verta den store diskusjonen. Svein Otto Jacobsen har på vegne av Sund FrP fremme forslag om Skjergard. Eit forsalg partifella Anita Garlid Johannessen i Fjell støttar opp om.

Symphonien Phombe (Sund SV) ser derimot helst at kommunen vert heitande Sotra -Øygarden.

-Om 50 år vil folk ikkje huska navnedebatten, men eg trur dei vil vera veldig stolte over å bu i den nye, flotte kommunen, sa ordførar Børge Haugetun i Øygarden.

Udemokratisk
Storleiken, og utvalet av politiske parti, i Fellesnemnda har også vore eit tema. Då verken Venstre, SV eller Miljøpartiet har vore representet har dette vore eit udemokratisk utval med skeiv representasjon, hevda Andreas Sjalg Unneland (Fjell SV).

-Ingen av dei sokalla miljøpartia har vore representert, hevda Unneland.

SV representanten reagerte også på at det berre har vore 17 medlemmar i utvalet – noko som tilseier at kvar av dei representerer over 2.200 innbyggjarar. I Nordhordlan har kvart medlem representert 1.300 innbyggjarar og i Hardanger berre vel 500.

-Om de verkjeleg ønskjer at dette skal verta ein demokratisk reform, håpar eg de vil støtta forslaget om ut utvida talet på representantar, hevda Unneland.

Skapa identitet
-Å skapa ein felles identitet vert største utfordringa. Å starta med å gje den minste kommunen med navnet, vert eit godt grep for å skapa identitetskjensle, meinar Atle Justad.

Venstre kjem inn

Historisk dag for fylkesmann Lars Sponheim som er møteleiar for den første kommunesamanslåinga i Hordaland. Her saman med ordførarane Kari Anne Landro, Marianne Sandahl Bjorøy og Børge Haugetun.

Marianne Sandahl Bjorøy, ville ikkje høyra snakk om å endra på talet på medlemmar i Fellesnemnda siste dagen, etter eit heilt års forhandlingar.

– Eg reknar Arbeidarpartiet for eit miljøparti, hevda ordføraren i Fjell.

– Det vert ein endring i Fellesnemda i Fjell, kunne Bjorøy sin partifelle Egil Håland avsløre.

-Venste kjem inn for Fjell i Fellesnemnda. Arbeiderpartiet vil berre ha to representantar, sa Håland.

Leggja bak oss
-SV var mot denne kommunesamanslåinga i utgangspunktet. Det må vi no leggja bak oss, sa Aud Karin Oen.

-Inkludering er veldig viktig, og det er viktig å inkludera arbeidstakarane. Demokrati er ikkje noko ein har for alltid. Demokrati er noko vi må skapa kvar dag, avslutta Oen.

No vert det først ein presentasjon av den nye prosjektleiaren, Paul J. Manger.

Les: Hentar prosjektleiar frå Os

Etter lunsj vert det først kommunestyremøte for kvar einskilde kommune der dei skal drøfta dei framlegga som har kome i det felles møtet. Deretter vert det igjen eit kort felles møte.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s