Gjestekommentar: Frivillig innsats for eldre

Det vil vere feil dersom vi unnlatar å prioritere fagpersonell (aktivitørar) på dagsenter til fordel for at frivillige skal drive og ta over arbeidsoppgåvene.

Av Brith Ediassen, Fjell Venstre

For mange eldre er dagtilbud det tjenestetilbudet som er helt nødvendig for at vedkommende skal kunne bo i eget hjem.

Fjell Kommune har gjort ein svært god jobb i å arbeida fram gode tilbod for heimebuande eldre. I denne prosessen har dei òg systematisk arbeidd med å leggje til rette for frivillige sin innsats inn mot desse prosjekta.

Dette er både nyttig og velkoment. Vi må støtte alt slikt arbeid som er med å fremje helse, trivsel og livskvalitet. Når menneske av ulike årsaker vert isolerte og hindra frå fellesskap med andre, kan ein i mange tilfelle sjå at trong til meir hjelp og pleie etter kvart gjer seg gjeldande i større grad. Vi må difor støtta alt arbeid som motverkar isolasjon og einsemd.

I denne samanheng ynskjer eg òg å fokusere på det gode arbeidet som allereie er godt etablert i kommunen. Spesielt ynskjer eg i denne samanheng å trekkje fram dagsentra for heimebuande eldre. I Fjell kommune har vi pr dato to slike tilbod for eldre; eitt på Straume Bu og servicesenter og eitt på Kvednatunet. Desse er velfungerande og i drift fem dagar i veka.

Dagsenter/dagtilbod for eldre er pr dato ikkje ei lovpålagt teneste. Ref. ”Aldring og helse” Nasjonal kompetansetjeneste (06.05.2014)….”Dagtilbud er en ikke lovpålagt tjeneste, men kommunen er pliktig til å opprette et faglig forsvarlig tjenestetilbud tilpasset den enkelte. For mange er dagtilbud det tjenestetilbudet som er helt nødvendig for at vedkommende skal kunne bo i eget hjem. ”

Vederlagsforskriften og Stortingets årlige vedtak for egenandeler regulerer egenandel for dagtilbud. Dagtilbud som gis som avlastning for pårørende etter sosialtjenesteloven kan det ikke tas egenandel for, dette omfatter også egenandel for transport. Søknad om dagtilbud sendes kommunen, som avgjør søknaden. Vedtaket skal inneholde opplysninger om det tilbys dagtilbud helt eller delvis. Vedtaket skal vise til lovhjemmel for tjenesten. Hvis søknad avslås, skal kommunen fortelle om klagefrist og hvor klagen kan sendes.

I sakspapira står det under ”Fråsegner”/ Eldrerådet:
”Eldrerådet behandla høyringsnotatet i møte 13.03.2017. I vedtaket er det understreka at den frivillige innsatsen i Fjell skal vera eit supplement til kommunen sine lovpålagte tenester og vera med på å skapa trivsel, trim og tryggleik i kvardagen for dei eldre”.

Vi må vere forsiktige at vi ikkje i vår iver etter å fortsetja det gode arbeidet, er med på å slå beina under dei tilboda vi allereie har og som fungerer godt. Dagsentra er som tidlegare referert ikkje lovpålagte, men i høgaste grad med på å ”skapa trivsel, trim og tryggleik i kvardagen for dei eldre” (ref sakspapir). Og skal ein tru omdømmet dei har bygd opp gjennom mange års virke, er det berre å ta hatten av for det arbeidet som vert gjort for den einskilde brukar, og den trivsel og livskvalitet som vert ståande igjen som eit resultat av dette.

Her er det fagleg kompetent personell og fleire med erfaring frå mange år i dette ”gamet”. Det er viktig at vi anerkjenner utdanninga og erfaringa som ligg i botn for denne drifta.

Dei siste åra har vi sett ei utvikling der til dømes aktivitøryrket ikkje lenger er prioritert rundt omkring på ulike institusjonar. Stillingane vert omgjort og andre vert prioritert inn (viser bla. til siste utgave av Delta). Dette er trist lesing. Ei faggruppe med utanning spesielt på dette som vi diskuterer i dag,- trivsel og helse for våre eldre.
Det treng ikkje vere noko motsetjing i vårt arbeid for ”frivillig arbeid blant eldre” og det å oppretthalde dei dagsentra vi har i Fjell Kommune. Det ville vere eit stort feilsteg dersom vi lar våre nye prosjekt på sikt ta plassen for dei eksisterande tilboda vi har. Ikkje minst vil det vere feil dersom vi unnlatar å prioritere fagpersonell (aktivitørtar) på dagsenter til fordel for at frivillige skal drive og ta over arbeidsoppgåvene.

Med mitt innlegg vil eg heie fram alt godt, frivillig arbeid, men det ligg og eit ”varsko” om at vi må ta vare på, favne om og fremje bruk av dei eksisterande tilboda vi allereie har og at fagutdanning og kompetanse framleis skal ha høg prioritet her i kommunen til tross for at dagsentera ikkje er ei lovpålagt teneste pr dato.

TAKK !

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s