Bompengekart for Sotrastrilar

Køyrer du jevnleg til Askøy, Knarvik, Voss eller Os? Sotrastrilar som har tenkt seg utanfor nye Øygarden i personbil i framtida må rekna med å punga ut i bomstasjon etter bomstasjon. Nettavisa Tunnelsyn gjev deg heile oversikten.

Det vert uråd å køyra rundt. Om 10 år vil Sotrastrilar busette vest for Kolltveittunnelen møtta betala i fem bomstasjonar om dei vil ein tur til Knarvik eller Voss.

Omsynet til ein integrert bu- og arbeidsmarknad har voge tungt når nye vegsamband vert planlagt i Bergensområdet. Vegplanleggjarane tillegg likevel personbilistane ein betalingsvilje og -evne som er henimot grenselaus.

For dei som reiser til Voss, Os, Knarvik eller Askøy dagleg, eller fleire gongar i veka, vil betre vegstandard og kortare reisetid gje merkbare utslag i privatøkonomien.

Bomstasjon etter bomstasjon
Det nye Sotrasambandet er berre eitt av mange nye vegprosjekt i Hordaland som bilistane skal finansiera med bompengar.

Ei gjennomgang av Nasjonal Transportplan og Regional Transportplan viser at utvidinga av Bomringen i Bergen med 14 ytre bomstasjonar berre er starten på ein veldig auke i innkrevjinga av bompengar frå bilistane.

Les: Byrådet vil stengja strilane ute

Det nye Hordalandskartet
Nettavisa Tunnelsyn har fått hjelp av samferdselavdelinga i Hordaland fylkeskommune til å teikna det nye bompengekartet over Bergensregionen. Eit tankevekkjande kart, ikkje berre for bilistane.

Bur du vest på Sotra og skal til Voss eller til Nordhordland, må du i framtida rekna med å betala i heile fem bomstasjonar.

Skal du til Os, vert talet redusert til fire, og skal du til Askøy, må du rekna med å betala for å køyra på tre vegstrekkjer.

Berre starten

Solberg-regjeringa sin oversikt over veginvesteringar i Nasjonal Transportplan 2018 – 2029, samanlikna med Stoltenberg.

Fem av dei kring 50 bompengefinansierte riksvegprosjekta som er under bygging, eller under planlegging, i Norge, ligg i Bergensområdet. På landsbasis vert det lagt opp til nye vegprosjekt til ein samla sum av 667 milliardar kroner innan 2029, i følgje Nasjonal Transportplan.

Solberg-regjeringa har auka vegambisjonane med 210 milliardar kroner, samanlikna med regjeringa Stoltenberg. Bilistane skal betala halve gildet.

Bompengeprosjekt på fylkesvegane som er under planlegging, kjem i tillegg.

Betalingsvilje?
Bilistane sin betalingsvilje på Sotrasambandet vil vera 49 kroner, kvar veg, har Statens vegvesen rekna seg fram til. Vert kostnadane høgare, vil bilistane finna andre løysingar, er teorien.

Les: Vi må betala bompengar i 20 år

Les: 190.000 kroner – din del av bompengane

Dei ser vekk frå at fleirtalet av Sotrastrilane også må gjennom bomringen i Bergen. Planleggjarane – og politikarane som har vedteke prosjekta – tek heller ikkje høgde for at Sotrastrilen, straks vi bevegar oss utanfor den nye kommunegrensa, vil møta den nye, ytre bomringen med ytterlegare 14 bomstasjonar.

Spørsmålet er korleis Sotrastrilane som reiser ofte vil løysa denne nye utfordringa. Flyttar dei?

Ingen fasit
Dei framtidige kostnadane for bilistane er eit reknestykke med fleire ukjende. Fleire av vegprosjekta er komne så langt at ein kjenner kostnadane. Andre prosjekt er i ein såpass tidleg planleggingsfase at samferdsleavdelinga i fylket ikkje ønskjer å spå, verken om kostnadane, eller om bompengebeløp.

Les: Sotrasambandet – bompengesjokk eller luksusfelle?

Dyrast til Voss
Ut frå det vi veit i dag, vil det verta dyrast å køyra til Voss. Å passera Sotrasambandet, bomringen i Bergen og Vossapakken vil kosta 115 kroner, ein veg.

Prisen føreset at bilen passerer bomringen i Bergen utanom rushtida, men til ny takst, og at ein ikkje har Autopass-brikke som gjev rabatt.

I framtida må ein rekna med at det i tillegg vil verta kravd inn pengar på E16 på strekkja Vågsbotn – Stanghelle. Bur du vest for Kolltveittunnelen, må du også vera førebudd på å betala for å få lov til å køyra til Litle Sotra.

FrP ikkje noko unntak
Å koma seg til Frp-bastionen Os, vert nesten like dyrt. Når nyevegen Svegatjønn – Rådal er ferdig, og Sotrasambandet opnar, vil det kosta 117 kroner å køyra frå Straume til Osøyro.

Knarvik
Dei som har ærend på Knarvik, vil måtta gjennom fire bomstasjonar undervegs frå Straume. Samla kostnad ser ut til å verta 86 kroner, ein veg. Men det er førebels, før Ringveg Aust og Vågsleitet – Klauvaneset står ferdig.

Askøy
Dei som bur på Litle Sotra og skal til Askøy, må gjennom to bomstasjonar. Den ytre bomstasjonen ved Lyderhorntunnelen ser ut til å verta plassert så langt inne at trafikkantane mellom Straume og Kleppestø slepp bidra til bybaneutbygginga i Bergen. Kostnaden her ser ut til å verta 74 kroner.

Ingen rabattar
Reisande innanfor bomringen i Bergen vil kunna passera fleire bomstasjonar innan ein time, utan å betala for meir enn ein passering. Noko tilsvarande vert ikkje planlagt for dei som må gjennom fleire bomprosjekt.

– Kvart bompengeprosjekt vert vurdert for seg. Rabattar når ein passerer gjennom fleire bompengeprosjekt eller takstar i forhold til kor langt ein har kjørt, kan kanskje vera noko å vurdera på sikt, seier seniorrådgjevar Bjørn Inge Midtgård i samferdselsavdelinga i Hordaland fylke.

Tidsbegrensa
Vanleg nedbetalingstid på eit bompengeprosjekt er 15 – 20 år, avhengig av mellom anna kostnadar og tal på reisande. Finansieringa vert vedteke av Stortinget. Når eit samband er nedbetalt, vert det slutt på bompenginnkrevjinga. Noko reisande til Osterøy no nyt godt av. Det same er tilfelle med dei som passerer gjennom Folgefonnstunnelen, fortel Midtgård.

Bompengepakkar, som Askøy-pakken, Nordhordlandspakken og Vossapakken, er meir fleksible. Her vil det vera mogeleg å ta inn nye strekkjer, og forlenga innkrevjingsperioden, men alt må søkjast om og godkjennast av Stortinget.

Bompengeblinde
– Politikarane er blitt bompengeblinde. Bompengeprosjekta vert vedtekne på autopilot i Stortinget, hevdar administrerande direktør Stig Skjølstad i NAF til bladet Motor.

Les: Utset siste reis

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s