Konkurrerer med dei beste

Alsace gjev opphav til friske og elegante kvitvinar. Sprudlande Cremant d’ Alsace er festens absolutte midtpunkt.

Ser lovande ut. Georges Lorentz sjekkar kvaliteten på årets riesling i grand cru Altenberg de Bergheim.

Georges Lorentz er sjette generasjon hos den tradisjonsrike produsenten Gustave Lorentz og held til i middelalderbyen Bergheim.

Les: Kjøpesenterfri sone

Gastronomi
Vin og mat høyrer saman, meinar Lorentz. Kombinasjonen av kvalitet og pris sikrar familien sine vinar internasjonal anerkjenning, og ein plass på vinlista hos nokre av dei mest kjende restaurantane i heimlandet.

For å tilpassa seg til marknaden sine krav har dei til og med utvikla ein eigen aspargesvin. I motsetnad til dei fleste konkurrentane, har Lorentz vald pinot blanc som følgje til den lubne kvite aspargesen, ikkje muscat som dei aller fleste vil anbefala.

Oppkjøpar
Familieverksemda eig 33 hektar vinmarker i og rundt Bergheim. Nær halvparten er klassifisert som Grand Cru. Men dei nøyer seg ikkje med eigne druer. 80 prosent av vinen dei lagar kjem frå organisk dyrka druer kjøpt hos eit 100-tals lokale produsentar.

Resultatet vert ein årleg produksjon på 1,5 – 2 millionar flasker, fordelt på meir enn 60 ulike vinar og tre kvalitetsnivå. Crand cru-betegnelsen er reservert vinar laga på eigne druer, organisk dyrka og handplukka, frå grand cru Altenberg de Bergheim og grand cru Kanzlerberg.

Modernisert

Dei eldste eikefata er frå 1700-talet, og vart flytta over til det moderne produksjonsanlegget. Legg merke til utskjæringane.

Etter at Georges overtok i 1995, har tre tungvinte gamle produksjonsanlegg blitt avløyst av det som må vera mellom dei aller mest moderne og høgast automatiserte anlegga i Alsace.

Sukkerinnhaldet i druene vert automatisk målt etterkvart som korgene med handplukka druer kjem inn. Resultatet styrer heile prosessen fram mot tapping på flasker og sikrar ein mest mulig jamn kvalitet, fortel Georges Lorentz.

Cremant d’Alsace
Cremant d’Alsace er Alsace sitt svar på sjampanje. Laga etter same oppskrifta, med andre gongs gjæring på flaske. Resultatet vert ein tørr og frisk vin med 10.000-vis av ørsmå bobler. Ein boblestraum som varer og varer og ikkje tek slutt sjølv om du skulle koma til å la glaset stå ei stund.

Cremant har sin eigen appellasjon i Alsace. Lorentz byr på to ulike variantar; ein rose, laga berre på pinot noir, og ein brut, laga på pinot blanc, pinot noir og chardonnay.

– Cremant er einaste påskotet for å dyrka chardonnay i Alsace, hevdar Georges Lorentz som elles held seg trufast til reglane for dei tre lokale appellasjonane.

Pinot noir
Alsace er kvitvinsland. Pinot noir er unnataket som bekreftar regelen. Den noble raude drua er ikkje lova å nytta i grand cru-vinar, men spelar likevel ei sentral rolle hos mange produsentar.

Pinot noir-vinen til Lorentz overraskar ved å vera uventa kraftfull, med preg av modne moreller og steinfrukt snarare enn jordbær og bringebær.

– Vi er i Frankrike no, ikkje i den nye verda, smiler Georges Lorentz når eg kommenterer forskjellen. Jordsmonnet og klimaet set sitt preg på resultatet. Det same gjer åtte månadar på små, nye eikefat.

Men Lorentz nyttar også den raudskinna drua til å laga ein lett og frisk rose der skinnet har fått lov å gjæra saman med mosten i berre nokre dagar.

Nektar i glaset

Årets riesling-haust ser lovande ut. For å oppnå ønska kvalitet og eit lågt utbytte, må Lorentz til med saksa om det vert meir enn tre klasar per grein.

Same kva produsent du snakkar med, vil dei framheva riesling som den best eigna drua for Alsace. Grand cru appellasjonen tillet også muscat, pinot gris, pinot blanc og ikkje minst gewurstraminer.

Det tørre klimaet oppmuntrar vinbøndene til å venta lengst mogeleg med innhaustinga. Belønninga er delikate vinar som smakar som nektar i glaset, med innslag av sitrus, rosiner, krydder og nøtter.

Vendange tardives er kvalitetsbeteikninga for vinar laga på seint hausta druer med mykje sødme. I utvalde år lagar dei dessutan ein Selection de grains noble, av ekstra seint plukka druer med høg andel av edelroten botrytis. Forutan høgt sukkerinnhald, vil desse vinane ha relativt høgt alkoholinnhald.

Møt andre vinprodusentar i Alsace:
Catherine Faller – Vindronninga av Alsace

Trimbach – Norge er eit viktig land i verda

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s