Endeleg ver for hageeigaren til å beundra dei mange rosebuskane som står breddfulle av bristeferdige knoppar.

Anten det no var overdosen med hønsemøk i april, eller finveret i oktober i fjor som gjorde susen – dei mange rosebuskane i hagen på Straume står breddfulle av knoppar. 1000-vis, ja 10.000-vis av knoppar som kan springa ut om vergudane lagar seg og lar søkkvåte og frosne Sotrastrilar få ein ørlite større andel av verdas solskin og varme.
Dei første roseknoppane falda seg varsamt ut i regnveret for snart tre veker sidan.
Les: Rosene er komne
Førebels går det forsiktig i kvitt – rosa og raudt. 10 – 11 grader og plaskregn har ikkje akkurat vore nokon vekstfremmar. Einast spinosissima-hybriden har trassig halde fram med å senda stadig nye utsprungne roser ut i regnet – sjølv om tapa, i form av rotne knoppar, har vore stort.

Alga Rugosa og Blanche Double de Coubert har klart seg nokonlunde. Louise Bougnet har resignert.
Musseline står i ly under takskjegget, og viser takksemd med ei forsiktig bløming.

Hansaland og Moyesii Geranium verkar vera uberørt av drittveret, og førebur seg på ein raud og fargesterk sommar.

Lykkefunn er heilt i starten av sommarens marathon. Fellowship, Ascot, Flammentanz og Home & Garden øver på det som kan verta sommarens finaste fargesymfoni.
Hageeigaren kjem tilbake med fleire statusrapportar!