Revolusjonerande sårbehandling kan mangedobla inntekta for fiskarane

Torskeskinn har eigenskapar som gjer at det kan revolusjonera sårbehandling. Avfall frå fiskeindustrien kan ha potensiale til å mangedobla dagens inntekter frå fiskeria.

Torsk har eit unikt immunsystem som vil kunna få stor betyding for behandling av menneskelege sjukdomar og plager. Foto: Forskning.no

Sotrastrilen har store forventingar til framtidig innovasjon og kommersialisering av nye marine produkt.

Les: Frå oljeøkonomi til havøkonomi

På Island tenkjer dei i same banane. Nordmenn nytta fiskeskinn som erstatning for lær til sko og vesker under krigen. No kan fiskeskinn og andre biproduktet frå fiskeria få ein ny gullalder med ei langt breiare anvending, fortel ein entusiastisk Björgólfur Hávarðsson på telefon frå Island.

Innovasjonsleiaren i NCE Seafood Innovation Cluster er på utveksling på sagaøya for å få med seg islendingane sine siste forskingsprosjekt omkring kommersiell utnytting av biprodukt frå fiskeri og fiskeindustri.

Sårbehandling
Bruk av torskeskinn til sårbehandling er eit tema som peikar seg ut. Torskeskinn har eigenskapar som gjer at det kan revolusjonera sårbehandling, skal vi tru det verdsleiande økonomiske tidsskriftet Bloomberg Businessweek.

Sjå video frå Bloomberg Businessweek

Behandla på rette måten har skinna frå ein einste trålfangst potensiale til å lega kvart femte sår – på verdsbasis.

Behandling av brannsår er ei krevjande oppgåve. Torskeskinn inneheld det sårheilande verkestoffet collagen. Ved å dekka dei store sårflatene med torskeskinn, vil brannsåra gro raskare enn ved bruk av griseskinn, som til no har vore den mest effektive behandlingsmåten.

Kroniske sår er ei aukande utfordring for det moderne helsevesenet ettersom folk vert eldre og stadig fleire vert plaga av diabetes og liggjesår. Behandling med torskeskinn skal kunna helbreda eller redusera plagene.

Influensabehandling

Munnspay mot influensa, laga av torskeenzym. Foto: Björgólfur Hávarðsson.

Det er frå før kjent at torsken har eit unik immunforsvar, og at det kan få betydning for behandling av immunsvikt hos menneskjer.

På Island har dei utvikla ein munnspray som inneheld enzym frå torsk som skal kunne bidra til å forhindra eller forkorta verdas mest utbridde sjukdom – forkjølelse og influensa.

Mangedobla inntektene
-Biprodukt frå fiskeria har potensiale til å nyttast i langt fleire samanhangar enn berre sårbehandling. Det fine er at dette er produkt som vil koma i tillegg til den maten vi i dag haustar frå havet. Biprodukta vil kunna mangedobla inntektene frå fiskeria, hevdar Hávarðsson.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s