Avviste på Hellesøy-kaien

Sju personar som kom med bussen frå Bergen og Ågotnes, stod att på kaien på Helleøy då «Øyrosa» i dag sette kursen mot Fedje.

Her er det fullt! På «Øyrosa» føl vi reglane. Ingen av dei sju som kom med bussen frå Bergen og Ågotnes og som hadde tenkt seg til Fedje i dag slapp forbi denne karen.

Det sjeldne finveret lokka uventa mange strilar og bergensarar til Hellesøy for å prøva den nye båtruta til Fedje i dag.

Så mange at sju personar som hadde teke den nesten to timar lange bussturen frå Bergen og Ågotnes ikkje slapp ombord, men vart avviste på kaien.

-Vi har ikkje plass til fleire enn 47 passasjerar, fekk eg vita då eg freista gå ombord. Verken billettøren eller styrmannen ønska å seia kva dei heitte, men her skulle ingen vera i tvil om at dei følgte reglane.

-Surt, laud kommentaren frå dei skuffa personane som måtte sjå båten leggja frå kai utan dei.

Forsøksordning
Båtruta frå Hellesøy til Fedje er ei forsøksordning, med avgang kvar onsdag og laurdag denne sommaren.

Les: Ta sommarbåten til Fedje

Sett frå publikumssida framstår det nye tilbodet som dårleg organisert. Ruta framkjem ikkje av Skyss sin ruteplanleggjar, og det er ikkje råd å kjøpa gjennomgåande billett.

Det er heller ikkje råd å førehandsbestella plass.

– Vi ser på muligheten til å førehandsbestella, men må koma tilbake til det, får eg vita hos assisterande rådmann Grete Algrøy Herøy i Fedje kommune.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s