Ekstramillionar til skulehelsetenesta

Helsesøstertenesta for barn og unge er eitt av dei områda som har lidd under den anstrengte kommuneøkonomien. No får Fjell, Askøy og Sund pengar til å utvida tilbodet.

– Det er inga reell satsing på skulehelsetenesta i Hordaland. Dekningsgraden ligg langt under dei tilrådde normane per elev, hevdar fylkesmannen i Hordaland på bakgrunn av ei undersøking Helsedirektoratet gjennomførte i fjor sommar.

I grunnskulen
No får kommunane meir pengar frå Helsedirektoratet til å styrka skulehelsetenesta. Fjell, Sund og Askøy er tre av elleve kommunar i Hordaland som har fått innvilga søknadane sine om meir midlar til bruk for elevar i grunnskulen.

Fjell får 3,2 millionar kroner til å styrkja innsatsen i helsestasjon og skulehelsetenesta. Askøy får 1,785 millionar til å betra samarbeidet mellom helsestasjon og barnehagar, og til å utvida opningstida i nærjordmorsenteret. Sund får 610.000 kroner til å styrka helsestasjon og skulehelsetenesta for å sikra god kvalitet på tenestene.

Unytta midlar
Både Fjell og Sund får det beløpet dei søkte om. Askøy hadde heile 1,5 millionar kroner i unytta midlar frå i fjor, og fekk søknaden sin redusert tilsvarande.

Tilrådd bemanning i skulehelsetenesta er 3,5 helsesøsterårsverk per 1000 elevar i barneskulen. Hordaland har lågaste dekninga i landet, med 1,5 årsverk per 1000 elevar.

Elevar i vidaregåande
Nokre av kommunane får ekstra tilskot for å styrka helsetenestene ovanfor elevar i vidaregåande skular.

Her får Fjell 747.000 kroner til ei fleirfagleg satsing. Sund får 395.515 kroner til å auka timetalet for helsesøster, medan Askøy får 450.000 for å auka tilgjengeligheten for helsepersonell for elevar ved Askøy vidaregåande.

Fjell har fått innvilga mindre enn halvparten av summen kommunen har søkt om, og får i tillegg redusert det utbetalte beløpet sidan eindel av midlane for i fjor ikkje var brukt opp.

Sund og Askøy har fått innvilga to tredelar av det dei søkte om.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s