Får utteljing for landstraumsatsing

Coast Center Base AS og morselskapet NorSea Group AS får utteljing for den sterke satsinga på landstraum.

Framsynt. Administrerande direktør Kurt Rune Andreassen ved CCB AS var først ute med installasjon av landstraumanlegg for skip og riggar. No føl Statoil opp med krav til innleigde skip.

I dag kom meldinga om at Statoil tildeler langtidskontraktar til ein samla verdi av 3,1 milliardar kroner for leige av sju forsyningsskip til transport til installasjonane i Nordsjøen. Samtlege av skipa vil få installert hybrid straumforsyning og tilrettelegging for bruk av landstraum.

Fire av skipa vil ha CCB-eigde Mongstadbase som base.

Først ute
Coast Center Base AS og administrerande direktør Kurt Rune Andreassen var først ut med å få innvilga Enova-midlar til installasjon av landstraumanlegg på forsyningsbasen. I tru på at landstraum vil verta eit krav, valde morselskapet NorSea Group AS å gjera tilsvarande installasjonar på dei øvrige basane langs Norskekysten, inkludert Mongstad.

Totalt har basane i NorSea Group AS henta inn vel 85 millionar kroner frå Enova i støtte til det miljøvenlege tiltaket.

– Den største spaninga kommersielt, er knytta til kor raskt skip som nyttar basane vert klargjort for landstraum, og om dei vel å nytta seg av tilbodet. Her spelar oljeselskapa ei avgjerande rolle gjennom kva krav dei stiller til båtane dei tek inn på oppdrag, sa direktør for forretningsutvikling John O. Næsheim i NorSea Group AS til Tunnelsyn i desember i fjor.

Les: Trur landstraum vil verta lovpålagt – håvar inn Enova-støtte

Krav frå Statoil
Ingen av dei sju skipa har i dag utstyr for landstraum og hybrid-drift installert.

Tilrettelegging for hybriddrift vil bidra til store reduksjonar i drivstoffkostnadane når skipa arbeider i dynamisk posisjon langsmed offshoreinstallasjonane, melder Statoil.

CO2-kutt
Kravet om landstraum og hybrid-drift inngår i Statoil sin satsing på å redusera både CO2-utslepp og drivstofforbruket på skip dei driftar.

Sida 2011 har oljeselskapet redusert utsleppet av CO2 frå skip dei driftar på den norske kontinentalsokkelen med 30 prosent, skriv Statoil på heimesidene sine.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s