Opplev nokre magiske minutt

Norges eldste og største sirkus gjestar i dessa dagane Sotra og Askøy.

Sirkusdirektør Arild Arnardo og artistane hans håpar å gje publikum nokre magiske minutt.

Kva med litt romantikk høgt oppe under sirkuskuppelen? Duo Romance.

Han ser det kvar dag, sirkusdirektør Arild Arnardo. Blikk som lyser av spaning og forventning, og som fortel han at publikum legg att kvardagen før dei stig inn i teltet.

Det er denne forventninga sirkusdirektøren aldri går lei av å skapa hos publikum, sjølv om i sirkuset no er i sin 69 sesong.

Ingen sirkus utan klovnar. Les Rossyann er dessutan svært musikalske.

Sirkus skal imponera, skapa lått og glede, og gje inntrykk av eit magisk univers, parallellt til kvardagen. For å leva opp til publikum sine forventningar, har Arnardo fylt opp teltet med artistar i verdsklasse.

Luftig akrobatikk er stikkordet for årets førestelling. Litt romantikk høyrer sjølvsagt med, høgt oppe under sirkuskuppelen. At det også er mogeleg å halda ein mattetime der oppe, vil vel dei fleste vera skeptisk til. Arnardo viser korleis akrobatisk finrekning og utfordring av fysikkens lovar kan resultera i halsbrekkande stunt.

Ingen sirkus utan klovnar. Dei tre som er med i år skal i tillegg vera svært musikalske. Sjonglørar, balansekunstnarar og god gammaldags trylling høyrer sjølvsagt også med i årets førestelling.

Cirkus Arnardo har førestellingar på idrettsplassen på Bildøy i kveld, og på kaien på Kleppestø i morgon og søndag.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s