– Norge er eit viktig land i verda

Det er produsenten, ikkje vinmarka, som avgjer kvaliteten på vinen, hevdar Trimbach-familien i Alsace.

Gløtt av Maison Trimbach i Ribeauvillé, med grand cru-marka Osterberg i bakgrunnen.

Både rieslingen og gewurstramineren til den elsassiske vinprodusenten Trimbach har funne vegen inn i Vinmonopolet sitt ordinære sortiment. Slikt vert det volum av. Meir enn 50.000 flasker av den årlege produksjonen på vel ein million flaske finn vegen til Norge:

– Norge er ein av våre aller viktigaste eksportmarknadar, smilte Anne Trimbach då nettavisa Tunnelsyn nyleg vitja vinprodusenten i den pittoreske mellomalderbyen Ribeauvillé i Alsace.

Den sjølvsikre unge kvinna kan trekkja på erfaringane til 12 tidlegare generasjonar med vinprodusentar. Ho er den som er etla til å ta seg av den internasjonale marknadsføringa framover.

Les: Kjøpesenterfri sone

Clos Ste.-Hune
Varemerket Trimbach er eit kvalitetsstempel godt som noko. Familien er kjende for vinar med fint avstemt balanse mellom frukt, friskhet og sødme.

Det er dei eksklusive vinane, produsert i berre 3.000 – 8.000 flasker årleg, som først og framst har gjeve produsenten eit godt omdøme hos vinkjennarar verda over.

Clos Ste.-Hune er familien sin signaturvin, laga på riesling. Framhevast må også Cuvée Frederic-Emile, og Cuvée des Signeurs de Ribeauspierre, laga på henhaldsvis riesling og gewurstraminer.

Utvalde år

Gyldegul, med smak av krydder og tropiske frukter. Å laga vendanges tardives eller selection de grains nobles er eit sjansespel, seier Anne Trimbach som her nyt ein gewurstraminer 2011 vendanges tardives.

Toppvinane vert laga på handplukka, utsorterte druer frå grand cru markane Osterberg, Geisberg og Rosacker, og vert berre produserte i dei åra der kvaliteten på råmaterialet tilseier det, fortel Anne Trimbach.

Utvalde år kan det også verta laga toppvinar av seint eller ekstra seint hausta druer – vendange tardives, eller Selection de grains nobles, med krav til restsødme og alkoholinnhald.

– Å laga vendange tardives og selection de grains nobles er eit sjansespel. Når vi lukkast, vert resultatet desto betre, smiler Anne Trimbach.

Produsenten avgjer
Det er produsenten, ikkje vinmarka, som avgjer kvaliteten på vinen. At ein vin er laga på druer frå eit grad cru-område treng ikkje nødvendigvis vera einsbetydande med at vinen er av topp kvalitet, hevdar Trimbach-familien.

Inntil nyleg har Trimbach ikkje nytta kvalitetsomgrepet ”grand cru” på etikettane. Ikkje ein gong på dei vinane som er laga på druer frå områder som fortenar eit slikt kvalitetsstempel.

Premier cru?
Dei siste åra har familien likevel byrja gå meir i takt med dei internasjonale forventningane. Denne sommaren slepp dei 2014-årgangen av Grand Cru Schlossberg Riesling, som det vert laga berre 3.000 flasker av.

For tida deltek familien også i eit forum som arbeider for å klassifisera utvalde einskildmarkar som ein premier cru, eitt nivå under grand cru, fortel Anne Trimbach.

Lagringspotensiale

Trimbach lagrar vinane så lenge som mogeleg. 2011-årgangen av gewurstraminer vendanges tardives ligg framleis trygt i kjellaren, viser Anne Trimbach.

Trimbach-familien eig 50 mål vinmark, og kjøper druer frå eit om lag like stort område i nærleiken av Ribeauvillé og nabobyen Hunawihr. For å sikra ønska konsentrasjon vert utbytet begrensa til 45 – 50 hektoliter per mål i markar som er reservert for toppvinane, og til 65 – 70 hektoliter per mål for volumvinane.

Trimbach lagar vinar meint for eit langt liv. Lagringspotensialet er noko av det som kjenneteiknar familien sine vinar. Toppvinane kan fint lagrast i 20 – 40 år, og kanhende enno lengre.

For å visa kva vinane er gode for, lagrar familien vinane så lenge som mogeleg i kjellaren. Også volumvinane får eitt år eller to ekstra i kjellaren før dei vert sende ut på marknaden.

Resultatet er at den ”nye” kjellaren frå 1920 inneheld heile 3 millionar flasker, eller tre års produksjon, ifølgje Anne Trimbach.

Møt andre vinprodusentar i Alsace:
Gustave Lorentz – konkurrerer med dei beste

Catherine Faller – vindronninga av Alsace

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s