19 nye verksemder i Sund

Restaurantdrift, eigedomsinvesteringar, nettsal av overraskingar til ungar og velvære. Dette er berre nokre av forretningsideane bak dei 19 nye verksemdene som såg dagens lys i Sund i første halvår.

Fuzzy Dize AS, diner og bar etter amerikansk førebilete, og med sherriffen parkert utanfor, opna i vår i Skogsvågskiftet etter mykje utolmodig førehandsomtale.

19 nye verksemder i første halvår er seks fleire enn i same perioden i fjor, framkjem det av Foretaksregisteret i Brønnøysund.

14 av dei nye verksemdene er aksjeselskap. Størst eigenkapital hadde Golten Rorbusenter AS med 200.000 kroner. Dei øvrige 13 oppfylte lova sitt minimumskrav til eigenkapital.

Fleire einskildpersonføretak
Heile fem av dei nye verksemdene vart starta som einskildpersonføretak. Til samanlikning var samtlege av dei 13 nyetableringane i første halvår i fjor aksjeselskap.

Konkursar
I første halvår var det også to konkursopningar med adresse i Sund. Sju verksemder vart sletta frå Foretaksregisteret.

Her kan du sjå oversikten over nyetableringane i første halvår, med navn på verksemda, forretningside, selskapsform, dagleg leiar og eigenkapital.

Nyetableringane i første halvår
B Natural Kalve, distributør av hudpleieprodukt, nettbutikk, einkeltpersonføretak, Rine Kalve

Eikeland Transport, kjøp og sal av bilar, einkeltpersonføretak, Alexander Kjellerup Eikeland,

Fuzzy Dize AS, drift av restaurant, bar, handelsverksemd, utleige av lokaler, Thor Egil Berntsen (dagleg leiar), 30.000,-

Gardsbruk AS, utøving og sal av musikk og underhaldning, Knut Joachim Pedersen, 30.000,-

Golta Rorbusenter AS, eigedomsutvikling, Jørgen Golten Thue, 200.000,-

Grønkult AS, produksjon og sal av kunstnarisk utøving innan musikk og forfattarskap, Helge Grønhaug, 30.000,-

Hordaland Anleggsservice AS, grunnentrepenør, Magnar Audun Nesse, 30.000,-

K Tveit Maskin AS, bygg og anleggsfag, Knut Tveit, 30.000,-

Lykke Velvære AS, skjønnhet og velvære innan kropp, hud og fotterapi. Sal av kosmetiske hud- og kroppsprodukt, Jannike Bjørnarøy Telle, 30.000,-

SBR Vest AS, rørleggjartenester, rehabilitering av bygg, nybygg, kjøp og sal av byggjevarer, Vytautas Giedraitis, 30.000,-

Sotra Mekaniske AS, mekaniske tenester og transport, Kristian Ågotnes Hagenes, 30.000,-

Sotra Tehnic Jarle Helgheim, apputvikling, sal av appar og tekniske instrument, einkeltpersonføretak, Jarle Helgheim,

Stegen Bil AS, bilsal, bilstell, Morten Fredrik Abbedissen, 30.000,-

Strilalyd AS, utøvande kunstnar og underhaldning innan musikk, Kåre Glesnes, 30.000,-

Sup og Surf Norge AS, sal, utleige og kurs innan vassport, Torbjørn Aasheim, 30.000,-

Nettbutikk med sal av overraskingar til ungar, og med småbornsforeldre som målgruppe, er forretningsidéen bak Ole Martin Opitz sitt siste prosjekt.

Surprise World Ole Martin Opitz, kjøp og sal av leikar til barn, netthandel, einkeltpersonføretak, Ole Martin Opitz

Tellnes Invest AS, konsulentverksemd, investeringsverksemd, Per Erling Homleid Tellnes, 30.000,-

Torvald Bakke’s Snekkerbu, produksjon og sal av leikar og interiør, houvdsakleg laga av tre, einkeltpersonføretak, Torval Bakke,

Velipe AS, konsulentverksemd, undervisning, investering, Per-Atle Tellnes, 30.000,-

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s