Danna aksjonsgruppe for gamleskulen

Tidlegare elevar ved gamleskulen på Brattholmen har danna aksjonsgruppe for å sikra at den eldste attverande skulestova i Fjell vert teken vare på for ettertida.

Den gamle skulestova på Brattholmen kan verta museum, foreslår dei tidlegare elevane Normann Lillebø og Marit Schmidt Lie.

Den gamle skulestova på Brattholmen vart bygd i 1876 og er den eldste attverande skulestova i Fjell. Det i seg sjølv er eit sterkt argument for at ho bør takast vare på for etterslekta, hevdar Marit Schmidt Lie og Normann Lillebø på vegne av tidlegare elevar.

Saman med Jan Bjorøy har dei to påteke seg å fronta engasjementet som skal sørgja for at bygget kjem inn i Kulturminneplanen for Fjell, og at det får ei sårt tiltrengt rehabilitering.

Sterke argument for vern
Den sentrale rolla bygget spelte for innbyggjarane i bygdene på søre Litle Sotra gjennom meir enn hundre år er også eit sterkt argument for vern, slik dei tidlegare elevane ser det.

– Bygget er ein kulturberar. Brattholmen var eit viktig senter i Fjell fram til 1960-talet, og skulestova var sjølvsagt samlingsstad for mykje av det som hende. Her samlast vi til juletrefestar og 17. mai, avhaldslosjen haldt møta sine her, og søndagsskulen haldt til her inntil bedehuset vart bygd, seier Schmidt Lie og Lillebø.

Hjartesak
Vern av skulestova som var i bruk til midt på 1950-talet, stod høgt på dagsorden då eit sekstitals tidlegare elevar, alle fødde før 1948, møttes til mimrefest på forsommaren.

Beskjeden i storleik, har den gamle skulestova likevel ein stor plass i hjarta til dei tidlegare elevane. Mange historiar har blitt fortalte opp gjennom åra, om lærar Rønnestrand, om elevane og om skulen sin plass i kvardag og fest.

Les: Alf (89) drog halve jorda rundt for å få med seg skuletreff på Brattholmen

– Vi tok det opp som eiga sak på festen. Alle stemte for at vi skal jobba for å få verna bygget, seier Lie.

Gjekk i taket
Schmidt Lie har tidlegare sendt inn forslag til arbeidsgruppa som jobbar med kulturminneplan for Fjell, om at bygget må med i planen. Det vart avvist, med påstand om at forslaget kom for seint, men at dei kunne prøva seg på nytt når planen kjem på høyring.

Det svaret syntes dei tidlegare elevane lite om.

– Eg haldt på å gå i taket. Fjell kommune burde verta flinkare til å lytta til innspel frå innbyggjarane. Dette er ein prosess som pågår, og då må det vera råd å ta med nye innspel under vegs, seie Smidt Lie som sjølv har mange års fartstid bak seg som kommunestyrerepresentant for Høgre.

Av kyrkje-materialar
Medlemmane i festkomiteen gravde i historisk materiale i samband med planlegginga av festen. Undervegs kom dei under ver med at skulehuset vart bygd av materialar frå den gamle kyrkja på Fjell. Skulestova kan dermed sporast tilbake til eitt av dei tidlegaste kjende bygga i kommunen.

Museum
– Skulestova på Brattholmen bør verta museum, enten eit bygdemuseum for Brattholmen og Snekkevik, eller kan hende eit skulemuseum for Fjell, seier Marit Schmidt Lie og Normann Lillebø.

– Arbeidsgruppa for kulturminneplanen bør ta turen til Samnanger og sjå kva dei har fått til der, rådar Lillebø.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s