Forlet opplag på Ågotnes

COSL Pioneer, som i lengre tid har lege i opplag på CCB på Ågotnes, skal ut av fortøyningane.

COSL Pioneer. Foto: COSL Drilling Europe AS

Endeleg ei gladnyhet for den kriseramma offshorebransjen på Sotra.

COSL Pioneer er ein av tre riggar som har i over eitt år har lege til kai ved Coast Center Base AS på Ågotnes.

I første kvartal neste år skal den halvt nedsenkbare riggen ut av opplag. Det vart klart då eigarselskapet COSL Drilling Europe AS i går kunngjorde at dei har sikra ein eittårig kontrakt med Nexen Petroleum U.K. Limited.

Riggen skal nyttast under arbeidet med å plugga og avslutta 13 brønnar på Ettrick- og Blackbird- felta på britisk sektor.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s