Framo surfa på kapitalinntektene

Framo Services AS på Florvåg var einaste dotterselskapet i Framo AS som auka både inntekt og resultat i fjor.

Fisk slo olje. 3,15 milliardar i driftsinntekt var ikkje nok. Industrilokomotivet Framo AS på Askøy måtte sjå seg slått på målstreken av fiskematprodusenten Sekkingstad AS i Sund i konkurransen om kva verksemd i region vest som hadde største omsetnaden i 2016.

Pumpeprodusenten Framo AS på Askøy konkurrerte i fjor med fiskematprodusenten Sekkingstad AS i Sund om å vera største verksemda i kommunane vest for Bergen i 2016.

Med ei omsetning på 3,15 milliardar kroner tapte Askøy-verksemda så vidt på målstreken.

Les: Milliardhopp for Sekkingstad

Pumpeprodusenten Framo AS på Florvåg er livsverket til milliardæren Trond Mohn, og vert no eigd 100 prosent av svenske Alfa Laval.

Framo Services AS
Med ei auke i driftsinntekta på 100 millionar kroner og ei styrking av resultatet før skatt på 27 millionar kroner, er det berre dotterselskapet Framo Services AS på Florvåg som kan visa til auka inntening og styrka resultat i 2016, viser rekneskapane som er innlevert til Brønnøysund.

Då det vanskelege fjoråret var omme, kunne Framo Services AS rekneskapsføra ei samla driftsinntekt på 804 millionar kroner. Resultatet før skatt enda på 95 millionar.

Framo AS
Tala for morselskapet Framo AS ber preg av at det globale konsernet fekk smaka nedturen i offshoremarknaden i fjor. Både inntekt og resultat før skatt vart redusert samanlikna med rekordåret 2015.

Driftsinntektene av den globale verksemda sank frå 3,9 til 3,15 milliardar kroner. Resultatet før skatt vart svekka med ein tredel samanlikna med 2015, og enda på 837 millionar.

Dream on!
Framo AS surfar på kapitalinntektene. Finansinntekter på heile 617 millionar var viktigaste bidraget til resultatet.

Nedgangen til trass, ein resultatandel på 26,5 prosent er framleis noko dei aller fleste verksemdene i regionen må nøya seg med å drøyma om.

Over heile linja
I tillegg til Framo Services AS på Florvåg, har Framo AS store dotterselskap på Flatøy og i Fusa. Rekneskapane viser at begge desse fekk merka dei vanskelege tidene i fjor.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s