Nettavisa Tunnelsyn omtalar milliardverksemdene Kapital overser

Dei to mest inntektsbringande verksemdene i region vest passerte begge ein omsetnad på 3,15 milliardar kroner i fjor. Ingen av dei er likevel med i bladet Kapital sin oversikt over det utgjevaren påstår er dei 500 største verksemdene i Norge.

Ikkje så komplett som Trygve Hegnar og Kapital vil ha det til.

Like før ferien kom bladet Kapital, eigd av Hegnar Media AS i Oslo, med ein oversikt over det dei hevda var Norges 500 største verksemder. Ein oversikt bladet hevda er eit speglebilete av den norske økonomien.

Under radaren
Begge dei to mest inntektsbringande verksemdene i region vest tilfredstiller krava med god margin, men har likevel gått under radaren til det økonomiske tidsskriftet.

Les: Framo surfa på kapitalinntektene

Les: Milliardhopp for Sekkingstad

Omsetnaden til fiskematprodusenten Sekkingstad AS i Sund gjorde eit milliardhopp i fjor, og enda på 3,18 milliardar kroner. Den globale pumpeprodusenten Framo AS på Askøy låg like bak, med driftsinntekter på 3,15 milliardar kroner.

Driftsinntekter
Kapital nyttar omsetnad og driftsresultat som måleparametre. Det framkjem likevel ikkje korleis bladet har gått fram for å utarbeida oversikten, eller når fristen for å ”melda seg på” i konkurransen gjekk ut.

Nettavisa Tunnelsyn tek utgangspunkt i dei offisielle regneskapane verksemdene har innsendt til Brønnøysund. Føresett at det ikkje er fleire feil i Kapitla sin oversikt, fortenar regionen sine to største hjørnesteinsverksemder Sekkingstad AS ein 212. plass på lista over Norges 500 største verksemder, framfor Eidesvik-konsernet Caiano, men så vidt bak eigedomsutviklaren JM Norge. Framo AS havnar like bak, så vidt større enn oppdragsforskingsstiftinga Sintef.

Kapital – heilt på jordet!
Nedre grense for å verta omtalt i det inntektsbringande selskapet, er driftsinntekter på oppunder ein milliard. CCB AS på Ågotnes, med ei samla konserninntekt på 991 millionar, havna på 499. plass over oversikten for fjoråret.

Sett frå vest er det freistande å påstå at Kapital er heilt på jordet.

Problematisk mediesentralisering

Problematisk mediesentralisering. Næringsminister Monica Mæland er uroa over at ingen av dei store avisene lenger er ute i distrikta og tett på næringslivet. Ho har likevel ingen planar om å leggja tilrette for å bøta på skeivheten i informasjonsbiletet.

Gründermediet, nettavisa Tunnelsyn, sin einkle oversikt over dei mest inntektsbringande verksemdene i kommunane vest for Bergen får fram viktig informasjon som Oslo-mediet Kapital overser.

Saka aktualiserer næringsminister Monica Mæland ein påstand då ho møtte politikarar og næringslivet i Sotra og Øygarden til dialogmøte i fjor vår:

– Dei store avisene er ikkje lenger tilstade ute i distrikta og tett på næringslivet. Det er eit problem at nedbemanningane i media fører til sentralisering, sa næringsminister Monica Mæland den gongen.

Les: Problematisk mediesentralisering

Informasjonsskeivhet
Næringsministeren hadde likevel ingen planar om å støtta opp under gründermedia som nettavisa Tunnelsyn som kan bidra til å motverka informasjonskeivheten og nyansera biletet av kvar i landet verdiskapinga faktisk skjer.

Kampen for å vera synleg
Trygve Hegnar og Kapital har aldri gitt seg ut for å vera nokon talsmann for distrikta. Han er heller ikkje nokon talsperson for små gründerverksemder i ein bransje under heftig og smertefull omstilling.

Bergens Tidende er noko nærare geografisk. Omtalen deira av fiskebåtreiar Peder O. Lie i går viser at sjølv vestlandet si storavis kviler på Tunnelsyn sine tidlegare saker når dei lagar sine store oppslag.

Mange av Tunnelsyn sine lesarar har det siste døgnet gått inn og lese saka vi publiserte for snart to år sidan.

Les: Basen på Liaskjæret

Slike saker viser at nettavisa Tunnelsyn fortenar vår plass i mediebiletet, men nett som andre verksemder i distrikta er vi nøydde til å kjempa for å verta synlege.

Desto meir gledeleg at stadig fleire oppdagar at vi finst!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s