Kunstig intelligens skal knekkja lakselusa

Krigen mot den felles fienden, lakselusa, har fått nokon av dei største aktørane innan havbruksnæringa til å samarbeida om å utvikla digitale mottiltak som verkeleg kan monna på botnlinja.

(Denne saka er skriven på oppdrag frå Invest in Bergen)

Arkivbilete. Foto: Morten Wanvik.

Svaret heiter AquaCloud og er eit digitalt beslutningsstøttesystem som skal hjelpa havbruksnæringa i å predikera behovet for avlusningstiltak på merdnivå 1 – 2 veker fram i tid, fortel Björgólfur Hávarðsson, Innovation Manager i NCE Seafood Innovation Cluster.

Les: Havbruk utfordrar subsea

Sentrale aktørar bak pionerprosjektet er Marine Harvest, Lerøy Seafood, Grieg Seafood, Salmonor, Bremnes Seashore og forprodusenten Ewos. Det unike er at dei no samarbeidar om ei felles løysing.

Milliardgevinst

Om oppdrettsnæringa klarar redusera behovet for avlusingar med 1 – 2 per merd årleg, vil næringa kunne redusera kostnadane med ein milliard kroner, hevdar Björgólfur Hávarðsson.

Lakselusa er havbruksnæringa si aller største utfordring. Avlusing er ein kostnadskrevjande metode. Dessutan stressar behandlinga fisken slik at veksten vert forseinka. Totalt påfører lusa havbruksnæringa økonomiske tap på over 10 milliardar kroner årleg.

Les: MarineHarvest-leiar har tru på femdobla produksjon

-Klarar vi redusera behovet for årlege avlusingar med 1 -2 per merd, vil det innebera ein gevinst for næringa på over ein milliard, seier Hávarðsson.

Internet of Things
AquaCloud vil henta store datamengder frå dei 800 oppdrettsanlegga langs norskekysten på dagleg basis. Dette vert mogeleg takka vera utplassering av ei stor mengde sensorar i merdene som målar saltinnhald, temperatur og oksygen på ulike nivå.. I framtida kan sensornettverket verta utvida til også å omfatta straum og bølgjer.

Kunstig intelligens
Dei store datamengdene vil verta analyserte i IBMs Watson-plattform. Bruk av kunstig intelligens opnar for å ta i bruk eksisterande, men også vidareutvikla nye nye analysemodellar som kan bidra til å auka treffsikkerheten prognosene, ifølgje Hávarðsson.

Så oversiktleg kan resultatet av den omfattande datafangsten presenterast på skjermen.

Resultatet av analysane vil verta presenterte på ein einkel og lettfatteleg måte, til dømes som grafikk på ein smarttelefon.

Forretningsmodell
Storparten av dei tekniske hindera vil vera rydda av vegen i løpet av hausten, reknar Hávarðsson med. Då gjenstår berre å utvikla ein forretningsmodell som kan finansiera drifta av AquaCloud.

– Dette er ei av dei største felles satsingane i norsk oppdrettsnæring, nokon gong. Deltakarane i prosjektet ser nytten av å samarbeida om å løysa ein felles utfordring. Interessa for å dela informasjon er sterk. AquaCloud vil koma alle til gode, seier Hávarðsson.

– Det å utvikla bedre beslutningsstøtte verktøy for avlusing er kanskje den minste fordelen havbruksnæringa kan håpa å hausta med denne teknologien. Men vi startar her, med eit tilbod som gjev fordelar til alle partar, havbruksnærings, miljøet og samfunnet, legg Hávarðsson til.

Kritisk masse
Innovasjonsleiaren framhevar den breia involveringa på tvers av bransjar. AquaCloud er eit prosjekt som vil kunna skapa positive ringverknarar for utnyttinga av IoT.

Les: Vil selja merdmeldingar til havbruksnæringa

Bergen har eit miljø der fagfolk frå ulike bransjar møtes og utfordrar kvarandre. Ei sjølvforsterkande kraft som er i ferd med å nå kritisk masse og som gjer byen til havbruksnæringa sitt svar på Silicon Valley, hevdar Hávarðsson.

Les: Skal setja fart på havindustrien

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s