Gründarar lever farleg

Å vera gründar kan fortona seg som ei hinderløype. Fleire verksemder med adresse i Øygarden vart avvikla i første halvår i år enn det vart etablert nye. Tunnelsyn gjev deg oversikten.

Tilværet som gründer kan for mange fortona seg som ei hinderløype. Robin Dale Oen oppfordrar barn og unge om å Find Your Viking. Foto: Find Your Viking AS.

Etablerarviljen gjekk kraftig tilbake i Øygarden dei seks første månadane i år samanlikna med same perioden i fjor. Medan det kom til heile 15 nye verksemder i fjor, var talet redusert til 10 dette året, framkjem det av Føretaksregisteret i Brønnøysund.

Åtte av dei nye verksemdene var aksjeselskap. To av dei hadde større startkapital enn lova sitt minimumskrav på 30.000,-

Nykomlingane
Her finn du oversikten over dei nye verksemdene med adresse Øygarden som vart registrert dei seks første månadane i år, med forretningsidé, namn på gründer eller dagleg leiar, og startkpital.

BL-Aqua AS, konsulentverksemd retta mot akvakultur, Bjarte-Kjell Landro, 50.000,-

Det Lille Brygghuset Vidar Andersen, drift av mikrobryggeri, produksjon av øl, konsulentverksemd, Vidar Andersen, einkeltpersonføretak

Find Your Viking AS, undervising av barn og unge i norsk natur, avansert friluftsliv, utleige av båtar og kajakkar, Robin Dale Oen, 30.000,-

Haugetun Sveis AS, sveis og vedlikehald, Roger Haugetun, 30.000,-

Hystein AS, utleige av rorbuer, Geir Ola Nakken, 30.000,-

Island Garden Gifts SA, sal av klede og gåveartiklar, hovudsakleg over internett, Renate Sæle, samvirkeføretak

Lux Kafe og Catering AS, kafedrift og catering, Oliver Torsvik Hermansen, 100.000,-

Marcel Kunert – Handyman, reparasjon og vedlikehald av bygg, båtar og motorar, Marcel Kunert, einskildpersonføretak

Vest Marine AS, produksjon av småbåtar, sal og delar og utstyr, Henrik Hamre, 30.000,-

Øygarden Hage & Anlegg AS, hage- og anleggstenester til føretak og privatpersonar, Audun Hitsøy, 30.000,-

Kasta inn handduken
Dei første åra vert rekna for å vera dei tøffaste for nyetablerte verksemder. Leitinga etter kundar og kapital endar i svært mange tilfelle med havari. I første halvår i år var det heile 12 gründarar i Øygarden som valde å kasta inn handduken. Tre av dei gjekk konkurs, tre verksemder vart oppløyst, og seks føretak vart sletta.

Verksemdene som gjekk konkurs vart alle stifta i 2013 eller seinare. Samtlege var aksjeselskap, eitt av dei hadde ein startkapital på heile 600.000 kroner.

Dei tre som vart oppløyste var også aksjeselskap. Det eldste stifta i 2012. Alle verksemdene som vart sletta var einskildpersonføretak.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s