Mange søkte seg til Askøy – inntaket til vidaregåande skular er klart

Askøy vidaregåande er den bynære skulen med høgaste kravet til poeng ved opptak til studiespesialiserande utdanning komande skuleår.

Det er store skilnadar i søkjartala til studiespesialiserande linjer ved dei vidaregåande skulane i Hordaland. Foto: Hordland fylkeskommune.

Resultatet av første inntaksomgang til dei vidaregåande skulane i Hordaland er klart. 18. 482 elevar har søkt. Det er litt færre enn i fjor, grunna mindre årskull.

Heile 17.422 av søkjarane har 17.422 rett til vidaregåande opplæring i Hordaland, sokalla ungdomsrett. Om lag like mange elevplassar står til disposisjon, ifølgje ei pressemelding frå Hordland fylkeskommune.

Fleire søkjer til helse- og oppvekstfag
Treden frå dei siste åra held fram. Populære linjer er helse- og oppvekstfag som framleis har vekst. Auken i søkjartala til bygg- og anleggsteknikk dei to siste åra har flata ut, mens studiespesialiserande utdanning og elektrofag har nedgang. Nedgangen i søkjartalet til teknikk og industriell produksjon (TIP) har stoppa opp, men er nær 40 prosent lågare enn i 2014/15.

Poengkrav
Nokre skular er meir populære enn andre. Høgaste poengkrav for opptak til studiespesialiserande linjer er det Amalie Skram vidaregåande som har, med 48,8 poeng, følgt av Bergen Katedralskule, med 46,9 poeng som nedre opptaksgrense.

Av skulane utanfor Bergen, var det Askøy vidaregåande som hadde høgaste poengkravet, med ei nedre grense for inntak på 42,2 poeng.

Ved Sotra vidaregåande var den nedre inntaksgrensa etter første inntaksomgangen 39,0 poeng. Laksevåg vidaregåande skule hadde ei inntaksgrense på 38,6 poeng.

Utan tilbod
Etter det første inntaket står 1.040 elevar med ungdomsrett utan tilbod om skuleplass. Dei aller flest av desse held til i Bergensområdet.

– Alle søkjarar med ungdomsrett skal få tilbod om plass innan skulestart, lovar fylkesdirektør for opplæring, Svein Heggheim.

Husk frist
Dei som har fått plass må svara om dei tek mot plassen innan 28. Juli. Elles mistar dei plassen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s