Viktige innspel – krevjande prioriteringar

– Innspelet om å ta vare på gamleskulen på Brattholmen kjem akkurat i rett tid, seier Andreas Sjalg Unneland (SV). Saksordføraren for kulturminneplanen for Fjell opnar for at ideelle organisasjonar kan få tildelt oppgåver i samband med vern av gamle bygg.

Fjell kyrkje er eitt av bygga som det er naturleg å omtala i ei kulturminneplan, seier saksordførar Andreas Sjalg Unneland.

Bygningsvern vil vera ein viktig del av kulturminneplanen for Fjell. Ein plan som først og fremst skal konsentrera seg om faste kulturminne, framfor munnlege og skriftlege overleveringar.

Les: Danna aksjonsgruppe for gamleskulen

Vil ha innspel
Ifølgje framdriftsplanen skal medverknad – med oppfordring til fjellsokningane om å koma med konkrete innspel – vera eitt av dei punkta som står på dagsorden denne hausten.

– Det er viktig at innbyggjarane kjenner si besøkingstid og gjev oss gode innspel på planen. Gjennom god medverknad skal vi laga en best mulig plan for kulturminna i kommunen, seier saksordføraren.

Det reint praktiske kring korleis innbyggjarane skal kunna medverka, er ikkje endeleg avklart. Folkemøte, møteplass på biblioteket og nettbaserte metodar for informasjonsinnsamling er metodar arbeidsgruppa vurderer, i følgje Unneland.

I rett tid
– Innspelet frå dei tidlegare elevane på Brattholmen kjem i rett tid, seier Unneland.

Kulturminneplanen skal prioritera kva bygg vi meiner bør takast vare på for ettertida. Utfordringa vert å prioritera. Borgstova og gamleskulen på Brattholmen er langt frå dei einaste kandidatane.

Fjellsokningane sin identitet
Kulturminna våre er ein del av identiteten til fjellsokningane. Difor er det så viktig å ta vare på dei. Særleg no, som vi skal inn i ein ny kommune, er det viktig å peika ut kva vi meiner bør takast vare på for ettertida, seier Unneland.

– Planen er viktig. Det er nok av eksempel på at bygg har fått stå til nedfalls fordi dei ikkje har hatt noko klart vern, i ein overordna plan, hevdar Unneland og viser til Borgstovo på Fjell prestegard.

Les: Det hastar med å reparera Borgstovo

Breidt spekter
Det som finst av kulturminne i Fjell favnar breidt, og spenner over fleire tusen år, frå fjæremannstuftene i skjærgarden og heilt opp til våre dagar. Noko er alt registrert, i mange ulike registre. Å skaffa oversikt, har vist seg å vera ein utfordrande jobb, som enno ikkje er avslutta.

Turøy-varden og Fjell Festning er freda av Riksantikvaren. Funn frå før Reformasjonen er det Universitetet i Bergen som har oversikt over. Hovudbygget på Fjell Prestegard har eigaren Opplysningsvesenets Fond signalisert at dei ønskjer skal bevarast.

Vår eiga tid

– Kva bygg frå vår eigen generasjon er verd å ta vare på? Det er ikkje berre historiske bygg som skal omtalast i ein kulturminneplan, seier Andreas Sjalg Unneland.

Ein ting det til no har vore lite snakk om, er kva bygg frå vår tid, altså frå 1970-åra og framover, vi ønskjer skal takast vare på.

– Kva skal stå att får vår eiga tid? Kva er verd å ta vare på, spør Unneland, og legg til at her er det viktig å leggja føringar alt i dag. Nokre av dei nyare bygga er alt vekke, til dømes den eldste delen av Sartor Senter.

– Byutviklinga inneber at det oppstår konfliktar mellom verneinteresser og kommersielle hensyn, det er ikkje til å leggja skjul på, seier Unneland.

Aha-oppleving
For Unneland sjølv, som er oppvaksen på Hjelteryggen, har arbeidet med planen på mange måtar vore ei aha-oppleving. Arbeidarbustadane i Knarrevik, og dei avfolka gradane i utmarka mot Våge, er kulturminne han tidlegare ikkje har hatt kjennskap til. No ser han på nærmiljøet sitt med nye auge.

– Det handlar om å ta vare på strilaidentiteten. Utfordringa for politikarane vert å prioritera, konstaterer Unneland.

Kreative innspel
Til dei som ønskjer å koma med innspel til planen, har Unneland følgjande råd: Ver tydeleg på kva de er opptekne av, og kvifor de er opptekne av dette.

– Kom gjerne med kreative innspel på kva staden kan nyttast til. Det er mykje spanande som skjer kring om i kommunen. Ver med på å skapa tilbod som folk kan bruka, oppfordrar Unneland.

Ein gammal skule kan kanskje verta eit kunstnarkollektiv, eller museum, slik dei tidlegare elevane frå Brattholmen antyda.

– Om ting kan leva vidare fordi lokalsamfunnet held det i hevd og tek det i bruk, vil det vera det beste, seier Unneland.

Ideelle organisasjonar
Vern kostar pengar. Om ein stad får vernestatus i ein kulturminneplan, vil påkravd rehabilitering og vedlikehald innebera ei økonomisk utfordring for kommunen. Det beste vil vera å få til eit samarbeid mellom kommunen og lokalsamfunnet, tenkjer Unneland.

Det finst mange eldsjelar i kommunen med eit brennande engasjement for konkrete prosjekt, har saksordføraren konstatert.

– Ideelle organisasjonar, og truleg også kommersielle aktørar, vil kunna ha ein sentral plass i en slik samanhang, seier Unneland.

– Vi ønskjer at kulturminna skal verta brukt, at fjellsokningane skal få tilgang til dei, og at innbyggjarane skal få betre kjennskap til staden der dei kjem frå, seier Unneland.

I år?
Bredda i arbeidet inneber at delar av planen har blitt satt på vent, som følgje av Sykkel VM. Om alt går på skinner, håpar Unneland å kunna fremja eit første utkast til kulturminneplan for Fjell for Komite for forvaltning og drift på slutten av dette året.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s