Færre nyetableringar i Fjell

”Utviklinga” herjar med næringslivet i Fjell. Det vart registrert 26 prosent færre nyetableringar i andre kvartal 2017 samanlikna med i fjor. Færre konkursar og avviklingar gjev likevel grunn til optimisme.

Ole Asbjørn Fauske førebur eit tidleg pensjonisttilvære etter mange år i leiarstillingar i Forsvaret. Kanskje kan forretningsideen om å tilby gravehjelp, trefelling og vedhogging med tida bidra til fleire arbeidsplassar? Meir om Fauske sine framtidsplanar kan du lesa i Sommarportrettet på nettavisa Tunnelsyn på fredag.

Pessimismen let til å ha prega det lokale gründarmiljøet i Fjell i vårmånadane. Gründarane si framtidstru i kommunen samanfell med utviklinga i Øygarden.

Les: Gründarar lever farleg

Framleis er det mange som tør å satsa. 40 nye føretak med adresse i Fjell vart registrerte i Føretaksregisteret i Brønnøysund i månadane april – juni i år. Heile 14 færre enn i same perioden i fjor.

Flest AS
30 av gründarane har valt å registrera dei nye verksemdene sine som eit aksjeselskap. Fem av dei har valt å gje verksemdene sine ein eigenkapital større enn lovas minimum.

Færre konkursar
Det vart i same perioden registrert ni konkursar i kommunen. Fire færre konkursar enn i same perioden i fjor gjev grunn til optimisme.

Nokre av verksemdene som måtte møta i Skifteretten var til gjengjeld famla storleikar med ein lang historie. På denne lista finn vi mellom anna Vestkran Kranutleie og Byggmontering AS, Ulveseth Limousin & Bilutleie AS og den mekaniske verkstaden Meko AS.

Ni aksjeselskap vart oppløyste i vårmånadane. Samstundes var det 15 einskildpersonføretak som vart sletta grunna manglande aktivitet. Også talet på sletta verksemder gjekk radikalt ned, med heile 37 prosent.

Dei som satsar
Tunnelsyn gjev deg oversikten over dei som vel å satsa motstraums. Nedanfor finn du alle nyetableringane i Fjell i andre kvartal, saman med forretningside, namn på gründar/dagleg leiar eller styreleigar, og startkapital.

3A Holding AS, investeringsverksemd, Anved Kristoffer Aarbakke, 81.215,-

Algrøy Eiendom Ågotnes AS, eigedomsinvestering og drift, Arild Algrøy, 59.000,-

Benjaminsen Graveservice AS, gravetenester og anna førefallande arbeid, Erlend Benjaminsen, 30.000,-

Bergen Gokartsenter AS, utleige av gocart og event arrangør, Johnny Bernhardsen, 30.000,-

BR Maskin AS, grunnarbeid, Even Bornhorst, 30.000,-

DARA Entrepenør AS, betong- og tømrararbeid, teknisk konsulentverksemd, Raimond Alexander Danielsen, 30.000,-

Dascioras Transport, transport av gods på veg, kjøp og sal av bruktbilar, Saulius Dascioras, einskildpersonføretak

Elkapsling Norge, utvikling og marknadsføring av avanserte metallveggar tilpassa design for industri, maskin, elektro og automasjonsanlegg, Bo Ingemar Berglund, norskregistrert utanlandsk føretak

Emma AS, revisjonsverksemd og investering, Annette Hatlestad Tvedt, 30.000,-

Engjamyra Sameie, eigarseksjonssameige, Gunnar Angaard,

Flawless Faces By Sunniva Halsøy, distribusjon og promotering av Nu hudprodukt, Sunniva Tvedt Halsøy

Frozen Drinks Norge AS, distribusjon og sal av slush, Tom Andre Nordeng, 30.000,-

Heggen Autoservice AS, drift av bensinstasjon og servicesenter, Steinar Magnusson Heggen, 100.000,-

Highbo AS, eigedomsutvikling, utleige av eigedommar og båtar, konsulenttenester innan IT og rekneskap, Conny Johanne Hylland, 30.000,-

Hordamaskin AS, service og reparasjon av utstyr innan bygg og anlegg, Anita Bowitz, 30.000,-

Idet Data AS, programvareutvikling, sal av programvare, støtte for datasystem og brukarar, Odd Dahm Sælen, 30.000,-

Immunofind AS, produsera og selja laboratoriediagnostiske metodar til helsesektoren, Harald Gotten Wiker, 30.000,-

Inharvest AS, undervassentrepenør, hausting og sal av sjømat, Rune Persson, 30.000,-

Javito Invest AS, investeringsverksemd, Jan-Ove Torsvik, 30.000,-

Kivijärvi Holding AS, investeringsverksemd, Ronny Løtveit Kivijärvi, 30.000,-

Kårtveit Trading AS, kjøp, sal og utleige av personell og utstyr, engros byggjevarer, Remi Kårtveit, 50.000,-

LCO AS, fiske og fangst, Lars Olav Lie, 30.000,-

Norsk Eiendomsrådgivning AS, eigedomsfagleg rådgjeving, juridisk rådgjeving, landmålingstenester, Christian Samdal, 30.000,-

Norstraum AS, kjøp, sal og utleige av fast eigedom og maritim verksemd, Håkon Karl Klepsvik, 30.000,-

Olliams Eiendom AS, utvikling, bygging og sal av bustadar, Annette Svensholt, 30.000,-

R Aase Invest AS, investeringsverksemd, rådgjeving, Richard Arne Aase, 50.000,-

Roseth Bygg og Eiendom AS, kjøp og sal av eigedom, Wenche Landro Roseth, 30.000,-

Roy Morten Trovåg, betongsaging, kjerneboring, riving, Roy Morten Trovåg, einskildpersonføretak

Senins Transport, transport- og logistikktenester, godstransport på vei, Juris Senins, einskildpersonføretak

SJ Corperation AS, sal av mat, import og handel, Tore Johannessen, 30.000,-

Skogsvåg Eiendom 1 AS, kjøp, utvikling og sal av fast eigedom, Knut-Jørgen Hauge, 30.000,-

Skogsvåg Eiendom 2 AS, kjøp, utvikling og sal av fast eigedom, Knut-Jørgen Hauge, 30.000,-

Skorafjellet Veilag SA, utbetra og vedlikehalda vegen og dei tekniske anlegga fram til dei einskilde eigedomane, Eirin Øiamo Frigård, samvirkeføretak,

Sotra Heimeservice Ole Asbjørn Fauske, vaktmeistartenester, hagearbeid, trefelling, ved, Ole Asbjørn Fauske, einskildpersonføretak

Sotra Kystby Transport AS, alt innan transport, Lasse Ellingsen, 30.000,-

Sotra Transport Morten Arnesen, transport av kvitevarer og pakkar, div. Tømrararbeid, Morten Arnesen, einskildpersonføretak

Sotra Øyeklinikk AS, drift av øyelegeklinikk, Knud Erik Alsbirk, 30.000,-

Straume Catering AS, catering og kantinedrift, gåver til humanitære og veldedige organisasjonar, Daniel Opitz, 30.000,-

Søre Valderhaug Sameie, eigarseksjonssameige, Solgunn Mongstad,

Titt & Ofte AS, kjøp og sal, samt design og produksjon av hobby-, gåve- og interiøartiklar, Trude Beate Breivik Damm, 30.000,-

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s