Halar innpå Lagunen

Sartor Storsenter beheld 9. plassen, men halar innpå målt i omsetnad på oversikten over norske handlesenter med størst sal i første halvår.

Sartor Storsenter halar innpå Laguen når det gjeld omsetnad.

Det er Kvarud Analyse som har samla inn omsetningstala for dei 60 største handlesentrene i landet. Oversikten for første halvår vert presentert i dagens utgåve av Finansavisen.

Held fram veksten
I ein heller flat marknad, auka Sotrastrilane sitt handlesenter omsetnaden med heile 11,1 prosent, tilsvarande 98 millionar kroner i dei seks første månadane i år samanlikna med same perioden i fjor.

Til saman omsette dei 170 butikkane i senteret for 972 millionar kroner.

Halar innpå
Sartor Storsenter held med klar margin posisjonen som nest største handlesenteret i Bergensområdet.

Den pågåande ombygginga på Lagunen merkast godt i leigetakarane sine rekneskapar. Ein samla svikt i inntektene på heile 126 millionar inneber at avstanden ned til Sartor har krympa til 330 millionar kroner.

Julehandelen
Den samla omsetnaden for Sartor Storsenter i fjor enda på 1.991 millionar kroner. Det sikra senteret ein 11. plass på den nasjonale oversikten.

I første kvartal avanserte senteret til ein 9. plass.

Les: Sartor sikra 11. plassen

Julehandelen tilseier at største delen av salet tradisjonelt skjer i fjerde kvartal.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s