Fire elevar delar ei datamaskin

Kan gratis programvare og skytenester bidra til like god undervisning, men til langt lågare kostnad, i barne- og ungdomsskulane? I så fall kan fleire elevar i nye Øygarden ha håp om å få disponera eiga datamaskin.

Gratisprogramvare frå Google kan høyrast forlokkande ut, men fungerer det betre i undervisninga på barne- og ungdomstrinnet enn Microsoft Offic og Apple iPad? Det skal pedagogisk IKT-konsulent Andreas Larsstuen Nordeide bidra til å finna svar på.

To 8. klassar i Fjell, ein på Tranevågen og ein på Fjell Ungdomsskule, og ein 1. klasse på Landro barneskule, skal til hausten testa Google sitt gratistilbod til skulane med tanke på framtidig bruk i undervisninga, seier pedagogisk IKT-konsulent Andreas Larsstuen Nordeide i Fjell kommune til nettavisa Tunnelsyn.no.

Prosjektet vert eitt av dei første store omstillingsprosjekta som skal førebu skulekontora i Fjell, Sund og Øygarden på å verta ein kommune.

Grunnkrav i arbeidslivet
Ute i arbeidslivet vert kunnskap om bruk av data til samarbeid og problemløysing stadig viktigare. Kunnskapsløftet, den gjeldande læreplanen for grunnskulen, definerer digitale kunnskapar som ein av fem grunnleggjande kunnskapar som barn og unge skal tileigna seg i skuleåra.

– Vi må bli flinkare i arbeidet med å ruste elevene til eit framtidig arbeidsliv som vil kreva høy grad av digital kompetanse, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Praksis frå bruk av digitale verktøy vert første bod for å meistra krava. Meir enn 35 år etter at den første PC-en vart lansert, er det likevel framleis langt mellom dei personlege datamaskinene i Fjell-skulane. På ungdomstrinnet delar to elevar på ei maskin. I barneskulen må heile fire elevar dela på ei maskin.

Positive erfaringar
– Bruk av dataverktøy i undervisninga i Fjell har så langt gjeve positive erfaringar med programvare som Microsoft Surface med Office og Apple iPad, fortel Nordeide.

Til hausten skal dei samanlikna Google sin gratisprogramvare G-Suite opp mot det Microsoft Office og Apple iPad kan tilby. Målet er å finna det verktøyet som er best eigna til å fremma elevane si læring. Kostnadane vert ein del av heilskapsbiletet, ifølgje den pedagogiske IKT-konsulenten.

Nettopp kostnadane har så langt vore eitt hinder for at alle elevane kan få disponera eigne datamaskiner. Innkjøp av programvarelisensar og trong for mykje manuelt arbeid frå IKT-avdelinga i samband med drift og vedlikehald av elevkontoane kjem langt frå gratis.

Freistande
Gratistilbodet frå Google lyder i utgangspunktet freistande i øyrene til kommunale beslutningstakarar med knappe budsjett.

Tilbodet består av programpakken G-Suite, som har mykje til felles med Microsoft Office, saman med operativsystemet Chrome.

Løysinga baserer seg på at all programvare, med unntak av Chrome, ligg lagra i ”skya”. Bruken av skyløysingar foreinklar arbeidet for IKT-avdelinga. Samstundes kan elevane nytta små, rimelege datamaskiner som typisk kostar det halve av ein vanleg PC.

Chrome har minimale krav til lagringskapasitet, og kan installerast på dei fleste datamaskiner. Kommunen vil dermed kunna nytta anbodskonkurranse for å finna rimelegaste leverandøren.

– Tidlege brukarar, som Randaberg kommune, rapporterer at dei med Google si løysing no kan få to datamaskiner til prisen av ei, seier Nordeide.

Utanfor dekning?
Med G-Suite må elevane jobba online, heile tida. Ingen filer vert lagra på maskina. Kva om nettverket er nede? eller nokon ønskjer å jobba frå ein stad utan WI-FI-dekning? Vil det ha noko å seia for undervisninga, eller for læringsutbytet?

Ei slik omfattande omlegging det her vil vera snakk om vil heller ikkje koma gratis. Datanetta på skulane må oppgraderast til å handtera den veldige auken i datatrafikk. Kan hende gjeld det også kommunen sitt eige nettverk. Kva vil det kosta?

Personvern
Personvern er ei anna problemstilling som må vurderast. Privatpersonar som nyttar Google sine gratisløysingar, ”betaler” for det ved å fråseia seg personvernrettar.

– Ovanfor det offentlege og næringslivet fungerer det annleis. Google har dei siste åra tydeleggjort at dei føl EU-reglane for personvern ovanfor det offentlege og næringslivet, hevdar Nordeide.

Personvernet vert likevel aldri betre enn det brukarane sjølv legg opp til. Det må difor ei haldningsendring til sikra at elevane ikkje strør om seg med passord eller personsensitiv informasjon.

Felles avgjerd
Alle slike praktiske spørsmål må avklarast. Til saman har prosjektgruppa definert sju suksesskriterier som må vera avklart før dei tre kommunane i fellesskap kan treffa ei endeleg avgjerd i valet av framtidig programvareløysing for elevane i nye Øygarden. Ei avgjerd som truleg vil skje kring nyttår.

Tørra å feila
Sakte, men sikkert går utviklinga i retning av at kvar elev får disponera si eiga datamaskin, skal vi tru Nordeide.

Her gjeld det likevel å skunda seg langsamt:

– Ei såpass stor omstilling krev balanse mellom framdrift og kvalitetsheving i undervisninga. Skal læringsutbytet auka, vert vi nøydd til å leggja om den pedagogiske praksisen, seier IKT-konsulenten.

– På den andre sida går utviklinga ute i samfunnet så fort at vi må tørra å feila, i det minste litt, avsluttar Nordeide.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s