Fjell kommune har hyrt inn advokatverksemda Deloitte Legal og korrupsjonsekspert Ragnhild Georgsen til å granska Frank Bjelland sitt varsel om mogeleg korrupsjon.

Frank Bjelland sin langvarige strid med Fjell kommune i tilknyting til fastsetjinga av grensemerkja for eigedomen hans på Anglevik nådde eit førebels høgdepunkt i mai då grunneigaren sende varsel til kommuneleiinga om at kommunalt tilsette kunne vera involvert i korrupsjon eller kameraderi.
Les: Vurderer Bjelland-varsel om mogeleg korrupsjon
Forutan ein namngjeven oppmålar tilsett i kommunen, peika varselet på kommuneadvokat Dag-Heine Bjørndal og ein oppmålar tilsett i ei ekstern verksemd.
Nettavisa Tunnelsyn har freista få kontakt med Frank Bjelland, for å få ein kommentar til engasjementet av ekstern korrupsjonsgranskar, utan å lukkast. Ved eit tidlegare tilhøve sa han dette om korleis han har opplevd møtet med Fjell kommune:
– Forvaltningskulturen i delar av Fjell kommune har utvikla seg slik at den gjer ein ingen feil.
Les: Kommune stengde kritisk nettside, søkjer medlemskap i Transparency International.
Også i andre samanhangar har innbyggjarane i Fjell opplevd ein sterk uvilje i rådhuset til å ta kritikk frå innbyggjarane på alvor. Det gjeld også i saker der kommunen manglar eigen kompetanse. Kontrollutvalet si behandling av Nettavisa Tunnelsyn sin artikkelserie om Sartorsjef og KDF-leiar Ernst Morten Einarsen sine dobbeltroller, er eitt døme.
Les: Einarsen unnslapp uavhengig habilitetsvurdering
Er kommunen sitt engasjementet av ein ekstern korrupsjonsekspert i Bjelland-saka eit signal om ei føreståande kulturendring? Eit teikn på at det som skjer på Rådhuset i Fjell ikkje lenger vert verande på rådhuset?
1 Comment