Sommarpraten: Ein priviligert veteran

Sotra er Sommar med stor ”S” for Ole Asbjørn Fauske. Berre to hendingar denne sommaren er viktige nok til å lokka kommandanten på Akershus festning vekk frå gravemaskin, motorsag og grasklippar.

Som ledd i førebuinga til ein tidleg pensjonsalder har Fauske nyleg etablert eige firma med vaktmeistartenester som satsingsområde. Første ”oppdraget” med gravemaskina utfører han heime i hagen.

Meteorologane har bomma, sommarsola har søkt uventa dekning bak regntunge skyer, og temperaturen er 13 kjølige grader. Vergudane har Ole Asbjørn Fauske for lengst konstatert at han ikkje rår med. Han smiler berre breidt når han helsar velkomen til en okergul einebustad frå 1970-talet, lunt plassert mellom bærbuskar og høge grantre på heimegarden der han vaks opp på Ulveseth.

Overgangen er stor frå kvardagen som toppleiar i Forsvaret, med ansvar for eit tusentals tilsette i Forsvarets Fellestenester, og med arbeidsdagar som ofte strekkjer seg frå 6 om morgonen til midnatt.

Les: Sotrastril ny kommandant på Akershus festning

Dei første dagane av sommarferien har brigader Ole Asbjørn Fauske bytta uniformen med kjeledress. Ein haug med nyhogd ved avslører at han alt har rukke å gjera unna vedhogsten til vinteren. I dag tronar han i leigd gravemaskin og held på å opparbeida ein oppstillingsplass inntil husveggen.

Førebu pensjonsalderen
– Fysisk arbeid er noko eg alltid har trivest med. Eg vaks opp som odelsgut og har vore vant med å jobba ute frå eg var ein neve stor. Dette er tilbake til røtene, på ein måte, smiler han.

Fysisk arbeid skal det verta meir av. Nylig etablerte Fauske eige einmannsføretak, med vaktmeistartenester, som graving og vedhogst, som forretningside.

-Eg har verdas beste jobb i Forsvaret, men ser likevel behov for å førebu ein tidleg pensjonsalder. Eg ønskjer ikkje dela skjebne med dei som ikkje er førebudde, og som endar framfor skjermen den dagen dei går av, forklarar Fauske. Som yrkesmilitær kan han velja å gå av straks han har fyllt 57 i november, eller han kan utsetja det i tre år. Tidspunktet har han enno ikkje avgjort. Overgangen skal skje gradvis.

– Eg er uansett fantastisk privilegert har anledning til å gå av med pensjon i såpass ung alder, smiler han.

Fauske ser Regjeringa si utfordring med aukande pensjonsutgifter, og bidreg gjerne i diskusjonen om å endra på særaldersgrensene i Forsvaret. Kanskje kan det vera ein ide å gjera som i Politiet, setja ei aldersgrense for dei i operativ teneste, og ei noko høgare for dei administrativt tilsette? Uansett må ein laga ei overgangsordning som sikrar at unge, velkvalifiserte og ambisiøse ikkje vert sett på vent i karrieren, hevdar han.

Trives med det uforutsigbare
Kva gründerverksemda Sotra Heimetenester skal utvikla seg til, er etableraren spent på. Føresett at oppdragsmengda tilseier det, bør det ikkje overraska nokon om han med tida hyrer inn andre veteranar frå Forsvaret, eller ungdomar som har kome skeivt ut, og som treng ein ny start.

Noko han ikkje kjem til å gjera, er å investera millionar i utstyr utan at oppdraga først er sikra.

I første omgang vert det uansett berre han sjølv. Oppdrag vil han berre påta seg når det passar slik, innimellom alt anna. Etter 35 år i Forsvaret, som vekependlar og med lange arbeidsdagar, er det ønskjet om meir fridom, til å gjera nett det han sjølv ønskjer, når han ønskjer, som toppar ønskjelista.

– Vi menneska er ulike. Det har med personlegdom å gjera. Nokon ønskjer forutsigbarhet. Eg har alltid trivest med det uforutsigbare. Å ha hatt mange ulike jobbar i inn og utland, og ha flytta såpass mykje, har for meg vore eit stort privilegium.

– Eg håpar eg framleis får lov å bidra med min kompetanse, på eit eller anna vis, seier han.

I sommar har kommandanten på Akershus festning bytta uniformen med kjeledress.

Ingen kan sjå at han nærmar seg pensjonsalderen. Linjene i ansiktet er meir markerte, det svarte håret har byrja gråna, men skikkelsen er like slank, og smilet like breidt.

Ole Asbjørn Fauske har sett seg føre å visa fjellsokningane at pensjonistar ikkje treng vera gamle folk med honnørbillett på bussen.

Ein spreking
I sommar er planane spikra. Berre to hendingar vert vurdert å vera viktige nok til å lokka Fauske vekk frå gravemaskina, motorsaga og grasklipparen på Ulveseth.

Deltakinga i Nijmegenmarsjen er fast innslag i ferien. For 16. gong pakkar han ryggsekken og set seg på flyet til Nederland for å gå dei fire lange dagsetappane, kvar på 30 – 50 kilometer.

Då kona Kristin forsiktig antyda at han kanskje burde trena i forkant, vart ho avfeia med at marsjen er trening.

– Nijmegen er ein fantastisk folkefest. Byen som til vanleg har kring 150.000 innbyggjarar, mangedoblar folketalet i den veka marsjen varar – og slikt likar eg, utbryt han entusiastisk.

Det andre avbrotet i ferietilværet er det Veteran-seglasen som står for. Siste dagen i feriemånaden bordar eit 40-tals veteranar frå Forsvaret sine internasjonale operasjonar den tremasta skonnerten ”Svanen” for eit tre vekers tokt frå Oslo sørover mot Arendal. Kommandanten på Akershus Festning ønskjer å sjå siglasen vel avgarde.

Viral krigar
Ole Asbjørn Fauske er ein mann med meiningars mot, og er ein av få i leiande stillingar i Forsvaret som har teke i bruk sosiale media for å nå eit publikum utanfor den daglege omgangskrinsen.

Den virale krigaren har dempa det tyngste verbale bombardementet siste åra. Bloggen Observasjonar har blitt taus, men på Twitter, Facebook og Instagram er han framleis like aktiv.

Les: Fauske i alle kanalar

– Som sjef for Luftkrigsskulen vart det forventa at eg skulle uttala meg ut frå eit fagleg grunnlag. Som deltakar i Forsvarsjefen si leiargruppe har eg no adgang til dei arenaene eg treng. Dessutan krev det tid å skriva faglege innlegg om ting som sikkerhetspolitikk. Saker som må skrivast på fritida og som konkurrerer med familie og fritidsaktivitetar. Ei tid som heller burde ha vore brukt til å tømma hovudet for jobbrelaterte saker, forklarar Fauske.

Veteranar
Som tidlegare leiar for militære operasjonar i Afghanistan og Sarajevo tilhøyrer Fauske det Regjeringa karakteriserer som veteranar med krav på særleg merksemd som takk for innsatsen for fedrelandet.

Sjølv om dei aller fleste veteranane har klart seg bra etter heimkomsten, finst det ein del tragiske unnatak. Brigader Fauske har engasjert seg på vegne av den siste gruppa. Som takk har han to gongar vore nominert til Veteranprisen, utan å nå heilt opp.

Les: Fauske finalekandidat til Veteranprisen

Då han nyleg fekk auga på Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Regjeringa sin middag for kongeparet, vart veteranane difor eit naturleg introduksjons-tema.

At Fjell manglar ein plan for korleis ivareta veterane, både dei som kjempa under andre verdskrig og dei som har delteke i internasjonale operasjonar i regi av NATO eller FN (Unifil), er eit sårt punkt.

– Vi veit ikkje ein gong kor mange dei er her i kommunen, konstaterer Fauske.

Om ikkje før, så i alle fall når nye Øygarden kommune er eit faktum, vil veteranane vera så talrike at kommunen bør gripa fatt i denne utfordringa, oppfordrar han.

Det viktige og det uviktige
Fauske er i det filosofiske hjørna, og tek sjølv initiativ til å utdjupa eit tidlegare intervju om leiarskap. Til sjuande og sist går det an å komprimera godt leiarskap til eit spørsmål om kva som er viktig og kva som er mindre viktig, hevdar han.

Les: Fauske om personlege relasjonar og leiarskap

I dei to åra i forsvarssjefen si leiargruppe har Fauske fått delta i strategiske diskusjonar på toppnivå. Han har hatt rikeleg anledning til å argumentera for sine synspunkt. Ikkje alltid jublar han for konklusjonane.

– Det vert oppfatta som uredeleg å ikkje følgja opp dei avgjerdene som er tekne. Er eg usamd, har eg i realiteten tre val: Er vedtaket lovleg? Oftast er det det, i så fall må eg spørja; er dette noko eg kan leva med? Vert svaret ja, er det berre å sørgja for å gjennomføra. Skulle svaret ein dag verta ”nei”, får eg finna noko anna å gjera, filosoferer han.

Slik må det også verta ovanfor dei kring 1000 tilsette han er leiar for.

– Det er forskjell på å vera tilsett i ein viktig jobb, og å sjå på seg sjølv som ein viktig person, hevdar han.

Utover det å gjera ein god jobb sjølv, er det viktig å sørgja for at dei som jobbar for han får meiningsfylte oppgåver. Detaljstyring av dei tilsette er verken mogeleg eller ønskjeleg.

Fauske har sett nok av døme på dårleg leiing, og kva følgjer det kan få, med sjukmeldingar, oppseiingar og enda til uføretrygd.

– Min jobb er å leggja til rette for at kvar einskild skal kunna gjennomføra arbeidsoppgåvene sine på beste måte, ut frå eigne føresetnadar, innanfor dei rammene som er gjevne, seier Fauske.

Lite strategisk
Ein av dei avgjerdene i heimkommunen Fauske har argumentert sterkast mot, men der han ikkje har hatt nokon arena til å påverka konklusjonen, er vedtaket om å byggja eit nytt Sotrasamband ved sida av den noverande brua.

– Vedtaket er veldig lite framsynt, og lite strategisk på vegne av regionen. For det første vil den svekka samfunnstryggleiken og beredskapen. Sjølv om det kjem to bruer, vert det i realiteten berre eitt samband. Eitt veldig sårbart samband, hevdar Fauske.

Sjølv høyrer Fauske til det mindretalet som heller hadde sett av det kom eit nytt samband lenger sør i Fjell, eller i Sund.

– Eit sørleg samband ville ha opna eit langt større potensiale for næringsutvikling på sikt, over heile Sotra. No vert alt konsentrert på Straume. Det gjeld også trafikken. Eit samband i sør ville ha spreidd trafikken og avlasta Straume.

Men, politikk kan ikkje berre koka ned til strategi og næringsutvikling. Fauske ser at valet også er avgjort ut frå eit kostnadssynspunkt.

Det kan eg leva med!
Nye Øygarden kommune har uansett eit stort utviklingspotensiale. Næringsutviklinga vil med tida verta forskyve utover i bygdene, og trafikkveksten lokalt vil halda fram, spår han.

At bilistane må vera med på å finansiera dei nye vegane med bompengar, ser han som sjølvsagt. Takka vera bompengane, har det aldri blitt bygd så mykje veg som no.

– Eg forstår at bompengane kan koma til å kosta dyrt for dei som er avhengig av bil for å få den daglege timeplanen til å henga saman. For meg personleg vil dei bety lite. Eg reiser sjeldan, og vil kunna ta bussen til byd’n. Det kan eg leva med!

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s