Gåver som gleder – leeenge…

Dei fleste har vel opplevd det – einkvan nær deg har rund dag, flytta inn i ny bustad eller fått ein unge. Du kjenner på forventninga om å stilla med ei gåve, helst med høg wow-faktor.

Store, vakre og med svak duft.

Sjølvsagt deler du begeistringa over den gledelege hendinga. Moderne menneskjer, sjølv unge, nyetablerte, har det meste. Du anar berre ikkje kva du bør gje som kan evna å lokka fram det spontane, hjartelege smilet i fjeset til mottakaren.

Fantasien kjennes livlig som ei våt vaskefille…

Spontant
Fått gåver har eg sjølvsagt også. Ikkje det at eg ønskjer å framstå om utakknemleg, men eg må medgje at nokre har gleda lengre enn andre.

Tiår med meir eller mindre vellukka eksperimentering har lært meg at spontane gåver kan gleda meir – og lengre – enn dei som vert gjevne i situasjonar der mottakaren forventar å få.

Trygge val
Som gåve til ein person med grøne fingre, og med ein hage eller eit uterom – takka meg til sommaren – kan blomar vera ei trygg løysing. Eg seier kan, for det finst mange detaljar i eit kvardagsliv som kan koma til å overskugga  ein velmeint intensjon.

Større og større
Fleireårige plantar kjem i mange utgåver. Dei kan ta kor stor plass dei berre treng, og dei gleder år etter år. Trivest dei, vert plantane – og gleda – berre større og større for kvart år.

Litt fleire blomar for kvart år!

Denne peonen er ei slik gåve. Ei spontan gåve gjeven av nokre venar som heller trengte heidersplassen i bedet til ein rosenbusk, og som spurte om eg kan hende hadde plass. Gjett om eg hadde!

Mi glede
Deira ”problem” vart mi glede! Tilfeldigvis var eg på rett stad til rett tid! No står peonen i hagen min på femte året. Store, vakre lys rosa blomar som sakte bleiknar til kvitt. Litt fleire blomar for kvart år. Halvskugge og dårleg drenering? No problem! Naboskapet med to rododendron genererer heller ikkje, sjølv om ekspertane rår til at peonar trivest best aleine.

Byte av stiklingar og planteloppemarknad er mykje brukte måtar å utvida blomeprakta i hagar og på balkongar. Ingenting gleder som dei spontane blomegåvene, tru meg…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s