Fleire gründarar på Askøy satsar meir

Fleire av gründarane på Askøy satsar meir enn kollegaene i nabokommunane. Tunnelsyn gjev deg oversikten over dei nye verksemdene.

ADL Asfalt AS startar med ein eigenkapital på ein million kroner. Arkivfoto.

Nyskapinga i region vest speglar skilnadane i arbeidsmarknadane på kommunenivå.

Askøy, som nyt godt av ei vesentleg lågare arbeidsløyse enn Fjell, Sund og Øygarden, hadde også færre nyetableringar i andre kvartal enn Fjell. Til gjengjeld satsa fleire av gründarar på den grøne øya meir enn sine kolleger i nabokommunane.

Les: Færre nyetableringar i Fjell

Les: Gründarar lever farleg

Totalt 37 nye verksemder med adresse i Askøy såg dagen lys i andre kvartal, mot 40 i Fjell. Berre 23 av dei var aksjeselskap. Her var det til gjengjeld fleire aktørar som satsa vesentleg meir eigenkapital enn lova sitt minimumskrav.

To av dei nye verksemdene har ein aksjekapital på ein million kroner eller meir. Yttelegare fire satsa frå 200.000 til 500.000 kroner.

Todeling
Einskildpersonføretaka såg ei stund ut til å vera på veg ut som organisasjonsform. No er dei tilbake.

Heile ti einskildpersonføretak og to utanlandskregistrerte føretak gjev antydning om ein todeling av dei nye verksemdene; gründarar som har kapital til å satsa, og dei som vert gründar i håp om å få innpass på arbeidsmarkanden.

Stabilt
Nyskapinga i Askøy i andre kvartal var overraskande stabil. Talet på nye verksemder var uendra samanlikna med same perioden i fjor. Seks konkursar, ni oppløyste verksemder og 14 sletta verksemder kompletterer biletet, og utgjer ikkje noko dramatisk endring samanlikna med våren 2016.

Dei nye verksemdene
Nedanfor finn du oversikten over dei 37 nye verksemdene i Askøy, komplett med forretningside, navn på gründar, dagleg leiar eller styreleiar, og startkapital.

ADL Asfalt AS, produksjon og sal av asfalt, Knut Ludvig Almestad 1.000.000,-

AKS Eiendomsutvikling AS, kjøp, sal, utleige og forvaltning av fast eigedom, Stig Arne Larsen Ulstein, 100.000,-

Andersen Group, sal av mat og musikk, Hans Marius Andersen, enkeltpersonføretak

Askøy Hage AS, design, konsulentverksemd retta mot hagar og hageanlegg, Iwo Stegmann, 30,000,-

Babyboo Agnethe Kutscher-Paulsen, nettbutikk med dropshipping av babyutstyr, Agnethe Kutscher-Paulsen, enkeltpersonføretak

Beauty Codes AS, estetiske og medisinske behandlingar, Liv Inger Alvilde Cernic, 30.000,-

Beslag og Balkonger Eiendom AS, eigedomsverksemd, Frode Knutsen, 30.000,-

Beslag og Balkonger Holding AS, holdingselskap for verksemder innar eigedomsdrift, Frode Knutsen, 60.000,-

Birkeland Montering, handverksarbeid innan tømrar- og anleggsgartnarverksemd, Ole-Johan Naustdal Birkeland, enkeltpersonføretak

Bjørnsen AS, grunnentrepenør, Håvard Bekkenes Bjørnsen, 30.000,-

Butikkdrift Florvåg AS, daglegvarehandel, Tor Herman Sætre, 300.000,-

Cargomaster AS, maritim verksemd, konsulentverksemd, Pål Grindheim, 30.000,-

Cowboyreiser AS, reisearrangør, Christian Bolstad, Ann Hammer Bolstad, 30.000,-

Gullfuglen AS, konsulentverksemd, Anders Rykkja, 30.000,-

Jacob Kjøde Boligeiendom AS, eigedomsinvestering og –utvikling, Odd Solheimsnes, 30.000,-

Kasy Transport, transport av gods på veg, budbil, Karsten Bernhard Karlsen, norskregistrert utanlandsk føretak

Kleppe Metering AS, konsulentverksemd, Kåre Kleppe, 30.000,-

Kosmetikos Sultan, handel med kosmetikk og toalettsaker, Roheela Sultan, enkeltpersonføretak

Kronstad Boligeiendom AS, investering og utvikling av fast eigedom, Odd Solheimsnes, 30.000,-

L Hus AS, sal av prosjekt, rådgjevingstenester og prosjektleiartenester til bygg og anlegg, Linda Tannebekk Ljones Haugland, 30.000,-

Mass Renhold Service Piriyatharsini Emiliyanus, reinhald, nedvask, catering, Piriyatharsini Emiliyanus, enkeltpersonføretak

Milkevic Boligservice, vedlikehald av bustad og eigedom, Andzej Milkevic, enkeltpersonføretak

Preotu Liviu-Cristian / Cristian Construct, maling, flis- og steinlegging, Livu-Cristian Preotu, enkeltpersonføretak

PVC Verden LTD, import, kjøp og sal av byggevarer, Michal Andrzej Kabat, norsk utanlandskregistrert føretak

Ravnanger Gruppen AS, eigedoms- og investeringsverksemd, Edvard Ravnanger, 30.000,-

Rune Horvik Boligservice, sal av tenester innan bygg og bustad, Rune Horvik, enkeltpersonføretak

Safesport AS, kjøp og sal av utstyr til bruk på idrettsarenaer, Espen Monsten, 30.000,-

Sameieet Nedre Lindhaugen, eigarseksjonsameige, Rolf Grenby

Skutlevika Holding AS, investeringsverksemd, eigedomsdrift, Runar Berge Mulelid, 1.350.000,-

Superior Holding AS, investeringsverksemd, Robin Midtvedt Stordal, 30.000,-

Telmek Eiendom AS, eigedoms- og investeringsverksemd, Gunnar Teigland, 30.000,-

TIL Eiendom Invest AS, eigedomsinvestering, Frank Robert Sture, 500.000,-

To strikkedamer AS, butikk og netthandel med stoff, symaskiner, sytilbehør, garn og hobbyartiklar, Kristin Merete Eilertsen, 60.000,-

Trappefornyeren S Hansen, sal av trappefornying, trappedelar, montering, nettbutikk, Steinar Hansen, enkeltpersonføretak

Ulskro AS, eigedomsinvestering, Stig Arne Larsen Ulstein, 200.000,-

Varden Alpakkagård V/Knutsen, jordbruk, skogbruk, dyrefor, oppdrett av alpakka, Roger Knutsen, enkeltpersonføretak

Ørjan Hæggernes Invest AS, taktekkjar og byggjeverksemd, Ørjan Hæggernes, 50.000,-

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s