Kontrollerer verdiar for fire milliardar

Sartor Holding AS og Olav Thon Eiendom ASA ryddar i selskapsstrukturen kring Sartor Storsenter AS. Fram trer ein lokal eigedomsgigant som kontrollerer samla verdiar på fire milliardar kroner.

Olav Thon Eiendom ASA og Sartor Holding AS eig no kvar sin halvpart av Sartor Storsenter AS.

Det felles eigedomsselskapet Sartor Storsenter AS, som vart oppretta i samband med nyopninga av kjøpesenteret i 2015, hadde ingen driftsinntekter i fjor. Eit solid overskot på finansinntektene, saman med utsett skattefordel, sikra likevel eit årsresultat på 16,749 millionar.

Les: Kjøpesentergründarar har laga gullgruve på Straume

Heile 16 millionar vart fordelt på eigarane som utbyte.

Fusjon
Tidlegare i feriemånaden kunngjorde selskapet at det vil innfusjonera tre andre verksemder i tilknytning til handlesenteret. Sartor Senter AS, Thon Sartor AS og Straume Parkering AS hadde samla driftsinntekter før fusjonen på 116 millionar, og eit samla driftsresultat på vel 50 millionar kroner.

Det er balansen i rekneskapen som er mest interessant. Om ein legg dei offisielle rekneskapane for 2016 til grunn, vil Sartor Storsenter AS etter fusjonen kontrollera samla verdiar for fire milliardar kroner. Halvparten er gjeld.

Tap på parkering
Kystbygarasjen peikar seg ut som eit felles smertesbarn for dei to samarbeidspartnarane. Underskot på drifta, saman med store kapitalkostnadar, bidrog til eit negativt resultat på fem millionar i Straume Parkering AS i 2016, i følgje rekneskapane som er innsende til Brønnøysund.

Styrka posisjon
Dei lokale gründarane i Einarsen og Rennedal-familiane har styrka sin posisjon visavis Thon siste året. Ved forrige årsskifte var eigartilhøvet 60/40 i Thon i sin favør. No er Thon og Sartor Holding AS like store, ifølgje Brønnøysund-registeret.

Ut av gjeldsklemma
Totalt betalte Thon 1,3 milliardar for eigarposten i det nyoppussa handlesenteret.

Les: Thon tok rekninga

Samarbeidet med børsnoterte Olav Thon Eiendom ASA har ført grüdarfamiliane i Sartor Holding AS ut av gjeldsklemma. Av dei rekneskapsførte verdiane i Sartor Holding konsernet på 782,7 millionar, er gjelda no redusert til 500 millionar.

Sidan 2014 er gjeldsgraden redusert frå 9,2 til 1,8.

Utanfor konsernrekneskapen
Det er Sartor Holding AS som kontrollerer halvparten av aksjane i Sartor Storsenter AS på vegne av gründarfamiliane.

Familiane si verksemd i tilknyting til Sartor Storsenter AS inngår likevel ikkje i rekneskapen til Sartor Holding-konsernet. Det gjer heller ikkje utbyggingsverksemdene på nordre Bildøy.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s