Bur mellom roser

Lunt, mellom høge fjell i Naustdal i Sunnfjord, har Matias og Margit Hukseth skapt ein rosehage av dei sjeldne.
(Saka er oppdatert med fleire bilete.)

Å skapa ein hage tek tid. To store Rosa Helenae planta på 1990-talet er blikkfang i hagen til Matias Hukseth.

Klatreroser, stilkroser, buskroser og botndekkande roser. Fargeprakta formeleg slår mot deg straks du opnar grinda til hagen til Matias og Margit Hukseth like ved Naustdal kyrkje.

Regensberg – kvit utanpå og rosa inni.

Duftar godt gjer det og…

Aloha er ei robust og sjeldan vakker klase/klatrerose som fortenar meir merksemd.

Matias er leiar for Hageselskapet i heimkommunen. Dei som ønskjer å sjå kva som har kvalifisert han til vervet, skjønar fort at roser er lidenskapen til hagelskaren. Ikkje rart han også er kontaktperson for Norsk Roseforening i Sogn og Fjordane!

Mrs. Oakley Fisher er ei av dei mange nye rosesortane som vert prøvd ut i Naustdal.

Hagegale valfartar til Naustdal, ikkje berre frå Sogn og Fjordane, men også frå nabofylka. Sjølv fekk eg oppleva hagen som deltakar på sommarturen til Norsk Roserforening i Hordaland.

Litt av fargeprakta. Innimellom har Matias og Margit plassert ut små sitjegrupper der dei sjølv og besøkjande kan ta ein pause og kontemplera hagen sine mange inntrykk.

Eit par hundre roser i alle tenkjelege fargar opptek kvar minste flekk i hagen. Ei og anna staude, og nokre frukttre, kompletterer gartnaren sin innsats.

Camelot er ei klatrerose Hukseth skryt mykje av.

Stadig kjøper han nye roser. Dei som ikkje får plass i hagen heime, plantar han ved hytta. Nett kor mange roser han har, veit han ikkje. Hageiegaren medgjev at han for lengst har mista teljinga.

Denne Bonicaen veks hageeigaren over hovudet.

I håp om å huska namna på alle, har han byrja teikna kart over hagen.

Eye of the Tiger er ei av dei mange nye rosesortane Matias Hukseth har henta til Norge i samarbeid med Nautesund Plantesal for å prøver ut under norske tilhøve.

Matias er ein tidleg «adapter» og villig utprøvar av nye rosesortar. Å bla i internasjonale rosekatalogar noko av det kjekkaste han veit. For å få fatt i dei sortane han aller helst vil ha, samarbeidar han med lokale såvel som internasjonale leverandørar.

Den digitale teknologien klarar ikkje gjengje den djupe koparfargen i denne Celebration Time.

Resultatet er blitt ein rosehage av det slaget som kvalifiserer til status som besøkshage i Hageselskapet sin oversikt. Matias er ein kunnskapsrik og engasjert forteljar. Har du lyst på ein omvising, kan du ringja på førehand og spørja om det passar.

Når alle veggane er dekka med klatreroser, vert det inga einkel oppgåve for Hukseth å måla huset.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s