Sommarpraten: Sjef i eige liv

For stort! For dyrt! hevda brukarorganisasjonane då Øygarden kommune ville samla funksjonshemma, psykisk utviklingshemma og eldre i Hjeltefjorden leilighetsenter. Anne-Karin Gørbitz var ei av dei som sørga for å køyra institusjonsplanane i grøfta.

Anne-Karin Gørbitz valgte Øygarden fordi ho ønskjer å bu landleg. På Rong har ho sin eigen vesle hageflekk framfor omsorgsbustaden.

Livshistoria og den håse stemmen antydar blues. Istaden har Anne-Karin Gørbitz valt å verta dei funksjonshemma si talskvinne inn mot det offentlege, og ovanfor Framstegspartiet.

Ei aktiv dame
Anne-Karin Gørbitz er avhengig av rullestolen, men insisterer på å vera sjef i eige liv.

Den særs aktive dama er nestleiar i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) i Sotra og Øygarden. Ho har vore med på å byggja opp Framstegspartiet i Øygarden og er no første vara i kommunestyret for FrP, og vara i styret til partiet sitt fylkeslag.

Ho tek mot nettavisa Tunnelsyn under prismekrona heime i den intime stova i omsorgsbustaden i Tjødnarvegen på Rong. Spegelflisene på veggen får rommet til å verka større enn det eigentleg er. Innreiing og interiør er ein av hennar mange hobbyar.

Brukarane protesterte
Hjeltefjorden leilighetssenter vart lansert som Øygarden kommune sitt svar på behovet for bustadar for eldre og for innbyggjarar med ulike typar funksjonshemming. Alle skulle samlast i eit nytt bygg med 29 bustadar i tilknyting til kommunesenteret på Rong. 85 millionar var øyremerka prosjektet i investeringsplanen fram mot 2020.

Les: Skrinlegg kontroversiell omsorgsinstitusjon

Men, dei kommunale planleggjarane hadde bomma på brukarane. Brukarorganisasjonane syntes 29 bustadar under eitt tak var altfor mange, og kalla prosjektet ein institusjon. Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) i Sotra og Øygarden protesterte mot prosjektet, av fleire grunnar. Det same gjorde Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU). Einast dei eldre syntes prosjektet samsvarte med deira forventningar.

Lite til overs
– Husleiga ville koma på mellom 12.000 og 14.000 kroner i månaden, rekna vi ut. Mange funksjonshemma har høge sjukdomsutgifter. Ei slik husleige ville ikkje vore til å leva med. Kor mange trygda ville hatt råd til noko slikt, spør Gørbitz.

– Når kommunane skal ha inntekter på investeringane i omsorgsbustadar, får bebuarane lite til overs til andre ting, konstaterer Anne-Karin Gørbitz i FFO.

For Gørbitz var det naturleg å søkja allianse med NFU og lokallagsleiaren Klara Fjeldstad, som også er vara i kommunestyret, men for KrF. Kvar for seg tok dei saka opp med sine organisasjonar. Saman gjekk dei to brukarorganisasjonane til Husbanken og la fram sitt syn. Ovanfor deira argument, hadde ikkje Husbanken anna val enn å takka nei til invitasjonen om å bidra til å finansiera prosjektet.

Konfrontert med utsiktene til å måtta finansiera heile prosjektet utan statleg støtte, valde kommunestyret til Gørbitz si store lette å kasta korta.

– Innblandinga frå brukarorganisasjonane var lite populær i kommunestyret og på rådhuset, men det var ikkje dei som skulle bu der, seier Gørbitz.

– Ein omsorgsbustad skal maksimalt ha fire einingar, og dei skal byggjast spreidt ute i kommunen der folk høyrer til. Eit desentralisert tilbod treng ikkje verta dyrare for kommunen, hevdar Gørbitz.

Brukarstyrt personlig assistent
Anne-Karin Gørbitz har spesialinnreia bil, og køyrer sjølv. Ho ferdast likevel aldri aleine. Sviktar teknologien, vert ho hjelpelaus. Dessutan er det mange praktiske ting i kvardagen ho som rullestolbrukar treng hjelp til.

Dei fleste som har møtt henne, har møtt henne saman med ei blid, smilande dame med asiatiske trekk. Møt Gørbitz sin brukarstyrte personlege assistent (BPA).

Den nye BPA-ordninga tillet Gørbitz å vera sjef i eige liv. 30 timar i veka fungerer ho som arbeidsleiar for sine personlege assistentar. God planlegging, men også store krav til fleksibilitet hos assistentane, er nøkkelen for at ordninga skal fungera.

– Det er eg som avgjer når eg skal leggja meg, ikkje turnusen til heimesjukepleien, spissformulerer ho.

Ferie
For å få kvardagen til å gå rundt, og utan å koma i konflikt med arbeidsmiljølova, treng ho disponera tre faste assistentar, og tre tilkallingsvikarar.

Arbeidsmiljølova set grenser for i kor stor grad ho kan bestemma sjølv. Dei triste historiane om funksjonshemma som ikkje lenger får dra på ferie, kunne lett ha omfatta også Anne-Karin Gørbitz.

Om ho skal på ferie, krev arbeidsmiljølova at ho må ha med fire assistentar. Noko som er økonomisk utenkjeleg. Fordi ho har ei lettare funksjonshemming, og ein hjelpsam familie som kan avlasta dei profesjonelle, kjem ho seg likevel avgarde – og i år skal ho på fisketur til Matre!

Profesjonalisering
Ordninga med brukarstyrt personleg assistent vart innført i 2015, og er eit satsingsområde for Regjeringa. Gørbitz ei av dei som har vore med på å kjempa fram ordninga, gjennom FFO og FrP.

Dei personlige assistentane møter ingen formelle kompetansekrav. For Gørbitz fungerer likevel BPA som eit alternativ til heimesjukepleie så vel som til omsorgsløn for nære pårørande, og til frivillige ordningar som støttekontakt.

– BPA-ordninga inneber ei profesjonalisering av det hjelpebehovet mange omsorgspersonar dekkar utan betaling. Dei som tek seg av sine næraste gjer ein fantastisk jobb og bør få betalt for innsatsen, hevdar Gørbitz.

Ho har notert seg at det offentlege gjerne ser fleire frivillige i omsorgstenesta.

– Ingen frivillige kunne ha utført denne jobben. Frivillige sin bistand skjer på deira premiss, når dei har tid, og ikkje ut frå brukarane sine behov, hevdar ho.

– Altfor mange funksjonshemma er tvungne til å leva på institusjon, fordi kommunane ønskjer å spara pengar. Eg er glad for å få lov til å visa at det kan gjerast annleis, at funksjonshemma kan ha eigen heim, seier Gørbitz.

Dramatisk livshistorie
Etternamnet har Anne-Karin Gørbitz etter ein hanseatisk tipp-tipp som innvandra frå Stettin i Polen ein gong på 1700-talet og som slo seg ned på Askøy.

Anne-Karin Gørbitz har ikkje alltid vore avhengig av rullestolen. Spør du, fortel ho ein livshistorie av den sorten det vert god blues av.

Å vera kortvakst – på sitt høgaste ruva ho 153 centimeter over bakken – hindra ikkje jentungen ikkje å fyka høgt og lågt då ho vaks opp som attpåklatt i ein familie med sju ungar i Strusshamn. Det var først etter det tredje svangerskapet og ein mislukka operasjon for bekkenløysing at rullestolen vart eit dagleg hjelpemiddel.

Men bekkenløysinga er ikkje einaste tragedien ho har måtta kjempa seg ut av. Som 20-årig vart ho enkje, med to små ungar.

– Mannen min vart skoten og drepen. Politiet karakteriserte det som ei henretting, seier Gørbitz.

Sin versjon av historien formidlar ho i boka ”Henrettelsen”. Ei oppgåve ho først tok fatt på etter at sonen Roger brått døydde som 24-årig.

– Det var han som oppmuntra meg til å skriva, seier ho berre.

Forhaldet til Siv

Dei unge kvinnene haldt saman i mannsdominerte FrP. Anne-Karin Gørbitz saman med ein solbrent, nyvald partileiar Siv Jensen på partiet sin val-camp i 2009.

Gørbitz reknar seg for ein av veteranane i Framstegspartiet. Ho fekk sansen for partiet alt i Anders Lange si tid, og kom inn i organisasjonen om lag samstundes som Siv Jensen. På landsmøter og val-campar i den mannsdominert organisasjon var det naturleg at dei unge kvinnene søkte saman.

– Vi har framleis kontakt, men ikkje på same måten. Siv høyrer veldig godt på dei funksjonshemma sine synspunkt, rosar Anne-Karin Gørbitz.

Biletet av henne og ein nyvalt, solbrun Siv Jensen på val-camp i 2009 har fått plass på stoveveggen, saman med døtre, barnebarn og andre nærståande.

Avdøydde John Alvheim var FrP sin talsperson i sosiale tema. Han hadde Gørbitz mykje med å gjera, og vart eit stort førebilete. I dag vidarefører stortingsrepresentant Kari Kjønaas Kjos frå Akershus hans sosiale engasjement i partiet, ifølgje Gørbitz.

– Eg kjenner meg utruleg godt ivareteken i Frp. Partiet har til og med ominnreia møterommet i fylkeslokalet for at eg skal kunna delta på styremøta, held ho fram lovorda om FrP.

Velferdsteknologi

Den spesialinnreia bilen med rullestolheis er ein av nøklane til at Anne-Karin Gørbitz kan oppfylla draumen om å vera sjef i eige liv. Men teknologien fungerer ikkje alltid etter intensjonen, og då er dei brukarstyrte personlege assistentane gode å ha.

Gørbitz er ein avansert brukar av ulike formar for velferdsteknologi. Tekniske hjelpemiddel er ein føresetnad for at kvardagen skal fungera. Ho har mellom anna spesialinnreia bil med heis til rullestolen.

Erfaringa har likevel lært henne å sjå på velferdsteknologien med ein viss porsjon skepsis. Teknologien kan svikta, og då står ho der.

– Velferdsteknologi kan aldri erstatta menneske i omsorgstenesta, konstaterer Anne-Karin Gørbitz.

Ikkje all teknologi fungerer etter intensjonane. Manglande forståing i omsorgsapparatet for kva som skal til for at teknologien skal fungera, kan til tider motverka dei gode intensjonane, har ho erfart.

Overvakingsaspektet er ein annan grunn til å vera forsiktig med innføring av ny teknologi i omsorgstenestene. Personleg ville Gørbitz ikkje føla seg vel om nokon via eit kamera, eller utplasserte sensorar, skulle kunna overvaka kva ho til eikvar tid gjer heime hos seg sjølv.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s