Her er det rimelegast å bu

Innføringa av eigedomsskatt førte Askøy til topps på oversikten over kommunar med dei høgaste offentlege avgiftene i region vest.

Når eigedomsskatten kjem på toppen av dei kommunale gebyra for renovasjon, vatn og avløp, vert Askøy den dyraste kommunen å bu i i region vest.

Det er Huseiernes Landsforbund som har offentleggjort statistikken, som er utarbeida av SSB på grunnlag av kommunane sine eigne rapporteringar.

Ikkje overraskande er det store skilnadar på storleiken på dei offentlege avgiftene i Kommune-Norge.

Eigedomsskatt
Stadig fleire kommunar tyr til eigedomsskatt for å sikra inntekter til drift og investeringar. Så langt er Sund og Askøy einaste kommunane i region vest som har innført skatt på bustad. Dette gjev også utslag på plasseringa på landsoversikten.

Dyrast i Askøy
Askøy er dyraste kommunen å bu i i region vest, i henhald til Huseiernes Landsforbund. Ein vanleg huseigar i Askøy må ut med totalt 17.854 kroner i offentlege avgifter årleg. For renovasjon, vatn og avløp sett isolert, er kommunen nest rimelegast i regionen, med 13.054 kroner.

Innføringa av eigedomsskatt på heile 4.800 kroner frå siste årsskifte snur opp ned på rangeringa.

Rimelegast i Øygarden

Lavast gebyra på renovasjon, vatn og avløp, og ingen eigedomsskatt, gjer Øygarden til den rimelegaste kommunen å bu i i region vest, om du ser på dei offentlege avgiftene isolert.

Rimelegast å bu er det i Øygarden. Lågaste avgiftene på renovasjon, vatn og avløp, kombinert med fråvær av eigedomsskatt, inneber at huseigarane her slepp unna med ei rekning frå kommunen på 13.045 kroner.

Huseigarane i Fjell må ut med 345 kroner meir i årlege avgifter. Her utgjer dei samla rekningane frå kommunen 13.350 kroner.

Sund
Sund er nest dyraste kommunen å bu i i region vest. Her krev kommunen 15.829 kroner i offentlege avgifter. Smilekommunen sør på Sotra har dei lågaste avgiftene for renovasjon, vatn og avløp, isolert sett, med 12.949 kroner.

Eigedomsskatt på 2.880 kroner endrar biletet.

Midt på treet
Sett i landssamanheng plasserer kommunane i region vest seg midt på treet, på oversikten frå Huseiernes Landsforbund.

Dyraste kommunen å bu i Norge er Hjaltdal i Telemark. Her krev kommunen totalt 25.267 kroner i offentlege gebyr og eigedomsskatt.

Forskjellen frå topp til botn utgjer meir enn 18.000 kroner. Sola kommune i Rogaland er desidert rimelegaste kommunen å bu i i Norge. For renovasjon, vatn og avløp nøyer kommunen seg med 7.101 kroner, and that’s it.

Ulike rapporteringar
Ver merksam på at kommunane rapporterer ulikt. Oversikten kan difor innehalda feilkjelder.

Les: Gjestekommentar: Gebyr, tal og statistiske samanlikningar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s