Skatteinngangen heng etter

Ingen av kommunane vest for Bergen nådde ein skatteinngang på linje med den nasjonale utviklinga i første halvår.

Rådmann Eystein Venneslan og Askøy kan visa til den mest positive utviklinga i skatteinntektene i region vest i første halvår.

Skatterekneskapen for første halvår er lite oppmuntrande lesnad for dei som håpar på auka økonomisk handlingsrom for kommunane i regionen.

Nasjonal utvikling
Sund og Askøy kan visa til ein auke i den samla skatteinngangen på 2 prosent for dei seks første månadane i år, samanlikna med fjoråret. Det er noko svakare enn den nasjonale utviklinga.

Alle landets kommunar sett under eitt, hadde ein auke på 2,6 prosent, ifølgje SSB.

Nedgang
Både Fjell og Øygarden hadde ein nedgang i den samla skatteinngangen dei første seks månadane i år, samanlikna med same perioden i fjor. I Fjell var nedgangen på 0,5 prosent. I Øygarden på heile 4 prosent.

Kommunane sin del
Den samla skatteinngangen omfattar også skatt til fylke, stat og avgift til folketrygda. Ser vi på kommunane sin del av kaka, ser biletet litt lysare ut, sjølv om vi også her hang noko etter den nasjonale utviklinga. I snitt auka skatteinntektene til norske kommunar med 3,4 prosent dei første seks månadane i år.

Mest positiv var utviklinga på Askøy. Igjen markerer den grøne øya at dei på mange måtar er forskjellig frå dei tre andre kommunane i region vest. Etter dei seks første månadane i år sat rådmann Eystein Vennesland att med 9,2 millionar kroner meir til fordeling på skule, eldreomsorg og andre offentlege tenester. Det var ein auke på 2,7 prosent samanlikna med i fjor.

Mindre grunn til å jubla
Dei tre kommunane som skal inn i nye Øygarden, har mindre grunn til å jubla. Sjølv om to av dei hadde ei positiv utvikling.

Fjell hadde ein auke på 2,8 millionar, eller 0,8 prosent. 500.000 meir i kommunale inntekter i Sund tilsvarar ein auke på 0,6 prosent.

Verst ut var Øygarden. Ein million kroner mindre til rådmann Siri Fahlvik Pettersen er 1,7 prosent svakare enn til same tid i fjor.

Gjennomgang
Ernst Morten Einarsen (H) Leiar for komite for drift og forvaltning i Fjell, har tidlegare varsla at han vil ha ein total gjennomgang av kommunen sine utgifter.

Les: Usamde om framtidsutsiktene

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s