1 – 0 til aksjonsgruppa

Aksjonsgruppa for vern av gamleskulen på Brattholmen har oppnådd ein førebels siger. Eigedomssjefen i Fjell skal utarbeida tilstadsrapport som grunnlag for rehabilitering av bygget.

Fekk gladmelding frå kommunen. Dei tidlegare elevane Marit Schmidt Lie og Normann Lillebø frontar aksjonsgruppa for vern av den gamle skulestova på Brattholmen.

Tidlegare denne veka fekk Marit Schmidt Lie, som er ei av dei som frontar aksjonsgruppa for vern av gamleskulen på Brattholmen, den gledelege meldinga frå prosjektgruppa som arbeider med kulturminneplanen:

Eigedomssjefen i Fjell har fått i oppdrag å utarbeida ein tilstandsrapport som grunnlag for rehabilitering av bygget og prioritering i arbeidsprogrammet for kulturminneplanen.

-Det nyttar å ikkje ta eit nei for eit nei. Det er mange som er opptekne av å få verna dette bygget, smiler Marit Schmidt Lie.

Vern av offentlege bygg
Meldinga kjem etter at prosjektgruppa for kulturminneplanen har gått gjennom «Jubileumsskrift om grunnskulen i Fjell 1739-1989». Dei har vore på synfaringar og gjort nye registreringar.

– Når tilstandsrapporten for gamle Brattholmen skule er klar, vil vi ha ein gjennomgang om vern og bruk av skular og andre eldre bygg i kommunal eige, skriv sekretær Aud Raknem i Fjell kommune på vegne av prosjektgruppa.

Eldste skulehuset
Gamleskulen på Brattholmen vart bygd i 1876 av materialer frå den gamle kyrkja på Fjell, og er det eldste skulehuset i kommunen, ifølgje aksjonsgruppa for vern av bygget.

Les: Danna aksjonsgruppe for gamleskulen

– Innspelet kom i rett tid, hevda Andreas Sjalg Unneland som er politisk leiar for arbeidet med kulturminneplan for Fjell.

Les: Viktige innspel – krevjande prioriteringar

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s