Sommarpraten: Ove Trellevik klar for ny Stortingsperiode

Ove Trellevik har gjort lynkarriere i Høgre. At det vart Høgre som fekk han, var likevel heller tilfeldig.

Ove Trellevik framfor heimen på Tofterøy. Sotra sin einaste Stortingskandidat på sikker plass har eit avslappa tilhøve til partiet sin sentraliseringspolitikk. Slik må det gå an å byggja og bu også i framtida, hevdar han.

Så langt sør og vest du kan koma i Sund. Langt forbi staden der asfalten har smalna inn til ei stripa som knapt er breiare enn bilen.

Ove Trellevik møtte nettavisa Tunnelsyn på den solfylte terrassen heime på Tofterøy. Med Nordsjøen som næraste nabo, og på ein tomt som hans meir urbane partikolleger i Høgre gladeleg ville ha betalt eit titals millionar for, førebur Høgre sin andrekandidat i Hordaland, og Sotra sin einaste Stortingskandidat på sikker plass, seg til Stortingsvalet.

Etter å ha forsikra seg om at intervjuet ikkje skal promotera Erna, men han sjølv, slappar han synleg av, kneppar opp skjorta og blottlegg ein brun brystkasse dekka med gullhår.

Mot sentralisering
Ingen av partitoppane har så langt vore på besøk i Trellevik sitt heimlege paradis. Toftøybuen har eit avslappa tilhøve til Høgre sin sentraliseringsiver. Slik som dette skal det skal kunna gå an å byggja og bu slik også i framtida. Dei overordna planane om sentralisering av framtidig utbygging har han lite til overs for. Kommunalminister Sanner forsvarar han som lyttande. Peikar i staden på fylkesmannen, som han meinar til tider går langt ut over mandatet sitt.

– Det skal byggjast minst like mykje utanom Straume som på Straume i framtida, hevdar Trellevik.

Høgre melde han melde seg inn så seint som i 2007. Seinare har han gjort lynkarriere i partiet. Først som ordførar i heimkommunen, og dei siste fire åra som fast møtande vara på Stortinget. Under nominasjonsprosessen i vår, skauv han Erna Solberg sin statssekretær, tidlegare fylkesordførar Tom Christer Nilsen, ned frå andre til femte plass på Stortingslista.

– Eg var ikkje partiapparatet sit førsteval til andreplassen. Medlemmane ville det slik, konstaterer han.

Stå opp for det han meinar
Årsaka er, ifølgje Bergens Avisen, at han haldt ein appell på nominasjonsmøtet som Høgremedlemmane ikkje kunne takka nei til.

For oss som har følgt debatter og spørsmål i Stortinget frå sidelinja, er det nærliggjande å tenkja at Trellevik vann fram fordi han kan hende ikkje uttalar seg så ofte, men at han opptrer gjennomtenkt og støttande.

Sjølv meinar Trellevik at forklaringa snarare er den at han tør stå opp og seia mot autoritetane, når han meinar det er rett. Som i Monica-saka.. Mange vil hevda at Trellevik sitt engasjement var eit viktig bidrag til å få gjenoppteke barnedrap-saka, som Politiet først henla som sjølvdrap, og få drapsmannen dømt.

– Eg lytta til det mora sa, og eg høyrde kva dei som hadde vore på staden sa, grunngjev han engasjementet.

I bakgrunnen låg det også ein viss skepsis til Bergenspolitiet. Dei har litt for mange uoppklara drap på statistikken, meinar han.

Dagen etter at vi møttes, skulle han møta ein person som no skal inn og sona for det han sjølv hevdar er eit justismord.

– Det norske rettsvesenet fungerer ikkje optimalt, men det er vanskeleg å setja fingeren på ting som kunne ha vore gjort betre, medgjev Trellevik.

Eit tilfeldig val
At det vart Høgre som fekk han, var heller tilfeldig. I mange saker deler han synspunkt med fleire andre politiske parti, medgjev han.

– Her på Tofterøy har vi tradisjonar for å stemma Høgre, så då vart det slik. På Glesnes er det Arbeidarpartiet, og i andre grender i Sund er det andre parti som står sterkast, konstaterer han.

Trellevik føretrekkjer å karakterisera seg sjølv som folkevald, ikkje som politikar. Å få vedteke gode løysingar er det viktigaste.

– Det var kjekkare å vera ordførar, men gjevare å sitja på Stortinget, oppsummerer han skilnaden mellom toppnivået i kommunal og statleg politikk.

Som ordførar var han meir hands-on. Løyste saker for folk som ville byggja garasje, eller ha ein ny veg. På Stortinget skjer ting på overordna nivå. Han har vore med på å utforma nasjonalbudsjettet, finpussa på lovar og reglar. Alt komitéarbeidet gjer at ting tek mykje lenger tid.

Ete middag med Kongen ein gong i året inngår i jobben.

– Stortinget er finare slips og finare skjorte. I kommunane handlar det om ramme alvor. Det folk er opptekne av. På Stortinget er det veldig mykje retorikk for å synleggjera politiske skiljeliner.

– Det politiske spelet kan til tider oppfattast som om nokon er usamde i eit godt forslag berre fordi det er feil politisk parti som føreslår det, hevdar han.

Uroa over ”plast-kvalen”

Havet, og vilkåra for matproduksjon, er eit tema som opptek Ove Trellevik.

I sin første periode på Stortinget har han vore medlem i Næringskomiteen. Med heimen i sjøkanten, og med to søner som har valt fiske som levebrød, overraskar det knapt at Trellevik er oppteken av havet. Siste året har han stege fram som partiet sin talsperson i fiskerispørsmål.

”Plast-kvalen” har vore ein tankevekkjar. Menneskja har i generasjonar nytta havet som avfallsplass. No byrjar vi å øyna konsekvensane. Dyret må ha hatt det forferdeleg smertefullt, og Trellevik er overtydd om at dette ikkje er eit eineståande tilfelle.

Plast vert nedbrote til mikro-plast. Tanken på at skaldyr og fisk et desse ørsmå plastpartiklane, og at dei kan koma til å påverka vekst og arvemateriale hos både dyr og menneskje, uroar han.

Argumentet om at det vil vera langt einklare å begrensa produksjonen enn å hindra 7,5 milliardar menneskjer å kasta plast i naturen, kjøper han likevel ikkje.

– Plast er veleigna til bruk i mange samanhangar. Det er avhendinga som er problemet. Alternativa kan i mange tilfelle vera vel så skadelege for miljøet, hevdar han.

Trellevik vel i staden å sjå det positive. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko. Som varamedlem av Nordisk Råd har han sett at merksemda kring ”plast-kvalen” har gjort det einklare å få midlar til forsøksprosjekt om konsekvensane av opptaket av mikro-plast i naturen sitt krinsløp.

Havforskinga har også kome med eit interessant innspel i debatten. Det kan sjå ut til at dei store havstraumane samlar plast frå mange stadar i verda på mindre, konsentrerte område. Slik kan ein trålar samla inn plasten før han rekk å verta nedbroten.

– Det kan opna seg mulighetar vi ikkje har tenkt på, seier Trellevik forhåpningsfullt.

At havet tek opp 30 prosent av all C02 vi slepp ut, og at vi veit lite om kva konsekvensar denne gradvise forsuringa av havet vil få, mellom anna for fisk og skaldyr, bekymrar Trellevik tilsynelatande ikkje,. C02 i havet veit han ingenting om, medgjev han.

Les: Havforskar åtvarar mot sur lekse for fiskeri og havbruk

Norge i eit nøtteskal
Hovudsaka i valkampen vert å synleggjera utfordringane knytt til den låge sysselsetjinga i Hordland og på Vestlandet.

– Næringslivet vil ha meir av ein politikk som verkar, er han overtydd om.

Hordaland, fylket han skal representera, er unikt. Her er store kontrastar mellom storbyen Bergen og distrikta. Norge i eit nøtteskal. Som politikar treng han ikkje vera samd i alt.

Olje og gass vil framleis vera viktig, om bransjen får kostnadane under kontroll. Innan havbruk har han berre ros å seia om ordninga med utviklingskonsesjonar.

– Det beste utviklingstiltaket på fleire tiår. Det vil føra til auka produksjon, og kommersialisering av nye artar. Utviklingskonsesjonane vil kunna føra til ringverknadar langt utover det oppdrettsnæringa i dag er oppteken av, hevdar Trellevik.

Redusera krava til vegstandard?
Samferdsel er eit tema som engasjerer. Høgre har eit prinsipp om at brukarane skal betala, altså med bompengar. Bompengane har bidrege til å finansiera mange viktige vegprosjekt, men det går ei grense for kva bilistane er villige til å akseptera, medgjev han.

Les: Bompengekart for Sotrastrilar

– Når Sotrasambandet og dei andre bomprosjekta i Bergensområdet står klart om eit tiårs tid, kan det verta dyrt å køyra til Voss, seier han som sjølv vil måtta passera tre bomstasjonar før han er i Bergen sentrum.

Krava til vegstandard er blitt enorme. Veganlegga er flotte å sjå på. Kan hende burde vi vera villig til å akseptera større forskjellar i standard, avhengig av trafikkmengde, spør han.

Vegnormalen – handbøkene Statens vegvesen brukar under planlegginga av nye prosjekt – bør gjennomgåast. Det går fint an å ha to køyrefelt og gul midtstripe utan at ein i tillegg må ha to meter aksel på kvar side, hevdar Trellevik.

– Der det er lite trafikk, kan gåande og syklande ferdast i vegbana, hevdar Trellevik.

Som døme viser han til dei mange gang- og sykkelvegane heime på Tofterøy. Han kan ikkje sjå at alle var like nødvendig. Med ein reduksjon i kravet til gang- og sykkelveg kunne ein kan hende fått ein kilometer lenger med betre køyreveg? Syklistane syklar jo uansett berre i vegbana, filosoferer han.

Kvifor ikkje her?
Inntil 1964 var Sund og Austevoll ein kommune, bunden saman av fjorden og med båten som det viktigaste framkomstmiddelet. Trellevik kan likevel ikkje sjå at Miljøpartiet sitt framlegg om at eit nytt Sotrasamband bør erstattast av båt, kan ha noko for seg.

Båten har likevel potensiale til å spela ei større rolle i kollektivtrafikken enn han gjer i dag. Innbyggjarane på Klokkarvik kunna tid dømes ha teke katamaranen – om han berre hadde gått innom.

Eit fergeavhengig samfunn, som Austevoll, kunne hatt ferge kvar halvtime. Avgangane vil likevel aldri verta hyppige nok til at båten vil fungera i krisesituasjonar.

– Båten kan ikkje erstatta veg, men han kan ta vekk mykje trafikk frå vegen , og bidra til å redusera krava både til vegstandard og til investeringar, seier han.

Trellevik har store forventningar til innføringa av elektrisk hurtigbåt til Askøy. Han ser gjerne at pionertiltaket vert utvida med prøveruter til Sotra og Flesland.

– Dei får det til andre stadar. Nesoddbåtane viser at båtsamband med hyppig frekvens vert mykje nytta, så kvifor ikkje her, spør Ove Trellevik, einaste stortingskandidaten frå Sotra med sikker plass på lista.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s