Fotoskatt frå Brattholmen – kjenner du nokon av desse?

Tidlegare elevar ved gamle Brattholmen skule har gjort ein kjempejobb med å samla inn informasjon og bilete frå skuletida. Nettavisa Tunnelsyn gjenfortel historia.

Bilettekst: Bak fv. Matias Ebbesvik, Oscar Straume, Johannes Rønnestrand, Jøran Ebbesvik, lærar Hans Rønnestrand, Alfred Andersen, Gerhard Snekkevik, Trygve Langholmen, Matias Straume, Arthur Ebbesvik, I midten fv. Kirsten Ebbesvik, Magdalena Snekkevik, Magnhild Nordland, Jenny Nygård, Klara Straume (gift Skoge), Nelly Snekkvik, Ragna Ebbesvik, Kari Nordland, Marie Snekkevik, Marta Rønnestrand, Ingeborg Nygård, Elisabeth Nordland, Framme fv, Margit Ebbesvik, Klara Ebbesvik, Bjarne Kristiansen, Malvin Ebbesvik, Monrad Straume, Hans Straume, Melankton Ebbesvik, Oskar Snekkevik, Frank Snekkevik, Birgit Nygård, Botilde Straume, Klara Straume (gift Bjorøy), Margit Snekkevik og Klara Langholmen. (Biletet er utlånt av Mari Mikkelborg.)

At gamleskulen på Brattholmen framleis har ein stor plass i hjarta til dei tidlegare elevane, viste dei då dei hadde skuletreff tidlegare i vår.

Les: Alf (89) drog halve jorda rundt for å få med seg skuletreff

Under førebuingane til festen vart det samla inn mykje materiale, ikkje berre om gamleskulen, men frå alle dei åra det har vore skule på Brattholmen. Ein album med bilete av tidlegare elevar var mellom det som kom for dagen.

Nettavisa Tunnelsyn har fått tilgang til det unike materialet, og kjem til å visa bileta og gjengje glimt frå historia utover sommaren og hausten.

Vi startar med det aller eldste biletet. Lærar Hans Rønnestrand framfor gamleskulen, omgjeven av 35 elevar frå 1. – 7. klasse, i 1933.

 

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s