Oppfordrar arbeidslause til å flytta

Arbeidsløysa har bite seg fast i vest. Utviklinga på arbeidsmarknaden i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy gjekk motsett veg av utviklinga i resten av Hordaland i sommarmånaden.

Bekymra for situasjonen i region vest. Assisterande fylkesdirektør Tommy Johansen i NAV.

Det framkjem av NAV sine oppdaterte tal for juli månad.

Øygarden og Fjell ligg framleis heilt på topp i ledighet i Hordaland. Ved utgangen av juli var det registrert totalt 1.571 personar som heilt arbeidsledige eller på tiltak i dei fire kommunane i region vest. Det er 57 fleire enn ved utgangen av juni.

Færre personar på tiltak i sommarmånaden inneber at talet på heilt ledige gjekk opp i heile regionen.

– Flytt dit arbeidet er
– Situasjonen i vest er ei kime til uro. Kommunar som Fjell, Sund og Øygarden har betydeleg lågare nedgang samanlikna med resten av fylket, seier Tommy Johansen, assisterande fylkesdirektør i NAV i ei pressemelding.

No oppfordrar NAV arbeidslause strilar til å flytta dit arbeidet er.

– Auka mobilitet for arbeidssøkjarar vert viktig, seier Johansen.

Utanfor statistikken
Den offisielle statistikken fortel ikkje heile sanninga. Tal på delvis ledige, altså personar som jobbar frå ein time og opp til halv stilling, framkjem ikkje på kommunenivå. Desse utgjer ei betydeleg gruppe som kjem i tillegg til heilt ledige og personar på tiltak.

Les: NAV juksar med arbeidsløysetala

Betring i Hordaland
For Hordaland som heilskap vart talet på delvis ledige redusert frå 3.692 til 2.758 personar i sommarmånaden.

Til saman er 13.248 personar no utan arbeid i Hordaland. Det er 757 færre enn ved utgangen av siste månaden.

Totalt juli Totalt juni Endring
Fjell 711 693 18
Sund 178 171 7
Øygarden 144 136 8
Askøy 538 514 24
Totalt 1571 1514 57

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s